19/09/2022

Arealplanleggar

  • Bjørnafjorden kommune
Arealplan - Geodata - GIS

Stillingsbeskrivelse

 

Er du klar for ei spennande oppgåve som tilretteleggar for samfunnsutvikling i ein av Noreg sine mest dynamiske kommunar?

Planeininga i Bjørnafjorden kommune søkar etter deg som er erfaren arealplanleggar.

Gjerne med erfaring frå både kommunale og private planarbeid. Vi tilbyr fast 100 % stilling og spennande oppgåver.

Du vil vere sentral i å tilrettelegge for og sikre god samfunnsutvikling gjennom langsiktige og gjennomførbare planar.

Vi er opptatt av god samhandling på tvers av organisasjonen og andre forvaltningsnivåer.

Stillinga inneber og tett dialog med konsulentar og privat næringsliv for å sikre god framdrift og kvalitet i reguleringsarbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til at vedtatt politikk blir realisert gjennom intern samhandling i kommunen og god dialog med forslagstillar og konsulentar.
  • Sakshandsame private planinitiativ, rettleie og utarbeide beslutningsgrunnlag til politisk handsaming.
  • Følgje opp politiske vedtak.

Kvalifikasjonar:

Bachlor eller master i relevante fag som arealplanleggar, landskapsplanleggar, samfunnsgeograf, juridiske fag eller annen relevant høgare utdanning.

I særlege høve kan omfattande realkompetanse kompensere for manglande formalkompetanse.

God kompetanse og erfaring med reguleringsarbeid. 

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på, og det er ønskjeleg at du er/har:

 -gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kan finne gode løysingar på komplekse utfordringar

- nytenkande

- Interesse for byutvikling/stadsutvikling/næringsutvikling

- gjennomføringsevne

- sterke analytiske evner

- god skriftleg og muntleg framstillingsevne

- strukturert

- høg arbeidskapasitet

 Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

 Vi tilbyr:

 Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

 Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

 Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jannicke Ane Sem-Onarheim
Telefon 906 24 172 

KNADSFRIST: 30.09.2022

Ansettelsesform

Fast

Søk nå