19/09/2022

Rådgjevar samfunnsplanlegging

  • Bjørnafjorden kommune
Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

 

Planeininga i Bjørnafjorden kommune søkar etter ein engasjert rådgjevar innafor samfunnsplanlegging i fast 100 % stilling.

Stillinga inneber tett samhandling på tvers av organisasjonen, andre forvaltningsnivå og privat næringsliv. 

Arbeidsoppgåver: 

  • jobbe med samfunnsutfordringar, til dømes innan vekst, folkehelse, utbyggingsmønster, næringsutvikling og samferdsel
  • utrede og framskaffe beslutningsgrunnlag for politikere og ledere 
  • utarbeide nærings og lokaliseringsanalyser 
  • bistå i økonomisk planlegging, bærekraft-/miljøplanlegging 
  • bistå i utvikling av offentlege tenester 
  • bidra til at vedtatt politikk blir realisert gjennom intern samhandling i kommunen, oppfølging av konsulent og viktige samarbeidsaktørar

Kvalifikasjonar: 

Master i samfunnsplanlegging, eller anna relevant høgare utdanning.

I særlege høve kan omfattande realkompetanse kompensera for manglande formalkompetanse

God kompetanse og erfaring i prosessleiing for plan- eller utviklingsarbeid

God forståing for virkemiddelapparatet og gjerne erfaring med bruk av tilskotsordningar

Gode digitale ferdigheter, samt evne til å sette seg raskt inn i nye digitale løysingar

 Personlege eigenskapar vert lagt vekt på, og det er ønskjeleg at du er/har:

- god samarbeids- og kommunikasjonsevne og kan finne gode løysingar på komplekse utfordringar

- nytenkande

- interesse for byutvikling/stadsutvikling/næringsutvikling

- gjennomføringsevne

- sterke analytiske evner

- god skriftleg og muntleg framstillingsevne

- strukturert

- høg arbeidskapasitet

  Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr:

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jannicke Ane Sem-Onarheim
Telefon 906 24 172 

SØKNADSFRIST: 30.09.2022

Ansettelsesform

Fast

Søk nå