02/07/2022

Overingeniør

  • Vestland fylkeskommune
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle regionen Vestland fylke og har mange ulike ansvarsområder. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar, klima og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Vestland fylke. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar.
Eigedomsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette over heile fylket.
Vestland fylkeskommune har administrasjonsstader ved Bergen, Førde og Leikanger.
Teknisk gruppe har som hovedmål å støtte driftsavdelingen, og er organisert under seksjon for drift og vedlikehold.

Vi søkjer etter en ingeniør med base i Bergen, som kan bidra til å heve kompetansen til teknisk gruppe innan varme- og ventilasjonsanlegg.

Arbeidsoppgåver

Oppretthalde verdiane i bygningsmassen med hovudvekt på dei tekniske installasjonane.
Ivareta anlegga gjennom riktig vedlikehald og optimalisert drift.
Dagleg oppfølging av SD-anlegg for å avdekke nye feil og manglar.
Ansvar for bistand og opplæring til driftsleiarar på tekniske system.
Prioritera og gjennomføre mindre prosjekt relatert til tekniske installasjoner, på eiga initiativ eller i samarbeid med andre fagdisipliner.
Vera byggeigar sin representant i mindre prosjekt.
Være teknisk støtte i bygge- og rehabiliteringsprosjekter.
Ansvar for budsjett og framdrift i egne prosjekt.
Delta i revisjon av avdelinga sine tekniske kravspesifikasjonar knyta til tekniske system.
Andre oppgåver knyta til VLFK sine eigedommar kan komme.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha høgare teknisk utdanning
Minimum 5 års arbeidserfaring, helst med bygg-tekniske anlegg.
God teknisk tverrfagleg forståing.

Det er ønskeleg at kandidaten har følgande kompetanse:
- Varmepumper, kjølemaskiner og prosesser i forbindelse med varmesentralar og romregulering.
- Fagbrev, fortrinnsvis som røyrleggjar.
- KEM-linje eller tilsvarande høgare utdanning.
- God forståing for datatekniske anlegg og byggstyringssystem.

Personlege eigenskapar

Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Det er viktig at kandidaten har ei praktisk tilnærming til oppgåvene knytet til teknisk støtte.
Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre
Datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy
Trives i miljø med både elevar og andre tilsette

Vi tilbyr

Spennande oppgåver i eit tverrfagleg miljø
Engasjerte og dyktige medarbeidarar
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Gode offentlege pensjonsordningar
Lønn etter avtale

Andre opplysningar   
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Må disponere bil.
Gode moglegheiter for faglig utvikling.
Det må påregnes noe reising i hele Vestland Fylkeskommune.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.          

Kontaktinformasjon:
Nils Endre Grønås
Seksjonssjef
Telefon 982 10 310 

SØKNADSFRIST: 14.08.2022

Ansettelsesform

Fast

Søk nå