Ulstein kommune, teknisk etat søkjer etter leiar av anleggs- og driftsavdelinga.
Leiaren har ansvar for drift, utvikling og utbyggingsprosjekt for tenestene vassforsyning, avløp, kommunale vegar, hamn og grøntanlegg. Leiaren har omfattande kontakt med innbyggjarar, næringsliv og andre offentlege verksemder i tillegg til medarbeidarar på avdelinga og i organisasjonen elles. Stillinga rapporterer til kommunalsjef teknisk og inngår i leiargruppa ved etaten.
Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet, sterke fagmiljø, tilgang til gode nettverk både innan fag og leiing.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Løn etter avtale
Arne Runar Vik, kommunalsjef teknisk, 41582440
Sjøgata 63
6065 ULSTEINVIK
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenr.:4529328904
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.07.2022
Ulstein kommune administrerer og legg til rette offentlege tenester innan ei rekke tenesteområde frå teknisk sektor, utdanning, helseteneste, omsorgsteneste. Kommunen legg stor vekt på universell planlegging og har innbyggarane sin helse som ein ledetråd i planleggingsarbeidet. I tillegg har kommunen lagt stor vekt på utvikling av myndige medarbeidarar og ei leiing som understøttar ei slik medarbeidarrolle.