Masfjorden kommune har ledig stilling for Fagleiar psykisk helse og rus frå desember 2022.
Psykisk helse og rustenesta i Masfjorden har 2 tilsette, og er ein del av Helseavdelinga med kontor i Fensfjordbygg på Hosteland. Her er ein samlokalisert i nye flotte lokale saman med heimetenesta, legekontor, helsestasjon, NAV og politi. Tenesta er for tida organisert med arbeid på dagtid vekedagar.
Det er etablert samarbeid mellom kommunane i Nordhordland gjennom fagråd for psykisk helse og rus, og tenesta samarbeider og tett med spesialisthelsetenesta (DPS og BUP). Mange av desse tenestene er samla i Region Nordhordland sitt Helsehus i Knarvik.
Den som vert tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa, og ynskjer at aktivitet skal vere ein del av tilbodet. Dette gjer at oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som ved heimebesøk og samtalar på kontoret.
Arbeidsoppgåver:
Ein må pårekne ein del kjøring i arbeidstida. For tida er det tenestebil tilknytt psykisk helse- og rustenesta.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskaper er viktige for å lukkast i arbeidet, og vil vert tillagt vekt ved tilsetjing.
Anna:
Vi tilbyr:
Kontaktinformasjon:
Ida Eide
Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
Telefon 56 16 62 19
SØKNADSFRIST: 03.07.2022
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.