13/10/2021

Prosjektingeniør distribusjonsnett, Kinn

  • Sogn og Fjordane Energi AS
Bygg og anlegg Elektro - Mekanisk - Rør Ingeniør - Sivilingeniør Planlegging

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.11.2021

Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet.

Dine arbeidsoppgåver:

  • Prosjektere og planlegge utførelse av kabelanlegg og nettstasjoner i 22-kV nettet og i lågspentnettet, samt fiberanlegg.
  • Avklare grunn for anlegga våre.
  • Sakshandsame offentlege avklaringar.
  • Vere prosjektleiar både i prosjekterings- og byggefasen

 Dette er deg:

  • Du har ingeniørutdanning eller tilsvarande innan elektrofag.
  • Du har gjerne erfaring frå prosjektering/byggeleiing og /eller fagbrev
  • Du har avklarande evner og kjem lett i dialog med andre
  • Du er samarbeidsorientert og spelar på lag med andre
  • Du har god orden og struktur i arbeidet

Oppmøtestad: Florø

 Vi jobbar målretta for eit større mangfald, og oppmodar kvinner om å søke på stillinga. 

Kontaktpersoner:

Roald Svarstad
Avdelingsleiar
97149961

Ansettelsesform

Fast

Søk nå