13/10/2021

Prosjektingeniør regionalnett Kinn

  • Sogn og Fjordane Energi AS
Bygg og anlegg Elektro - Mekanisk - Rør Ingeniør - Sivilingeniør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.11.2021

Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

 Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet.

Arbeidsoppgåver:
• Prosjektleiar (eller delprosjektleiar) for store utbyggingsprosjektet i regionalnettet, både i prosjektering – og byggefase.
• Følgje opp byggherreansvaret, med fokus på tryggleik, helse og arbeidsmiljø.
• Følgje opp kontraktar med konsulentar og entreprenørar.
• Følgje opp kostnad, tid og framdrift i prosjekta, og rapportere dette.
• Andre arbeidsoppgåver innan prosjekt og porteføljeforvalting.

Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning, minimum bachelor innan elkraft eller automasjon
• Gjerne erfaring frå fagområdet.

Personlege eigenskapar:
• Kjem lett i dialog med andre og har avklarande evner.
• Er samarbeidsorientert og speler på lag med andre.
• Har god orden og struktur i arbeidet.

Vi kan tilby:
• Varierte arbeidsoppgåver
• Godt fag- og arbeidsmiljø
• Framtidsretta arbeidsstad
• Gode og ordna arbeidsforhold og -vilkår

Oppmøtestad: Florø eller Sandane

Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga 

Kontaktpersoner:
Gunnar Vassbotten
Avdelingsleiar
90633858

Ansettelsesform

Fast

Søk nå