13/10/2021

Planingeniør vedlikehald, Kinn

  • Sogn og Fjordane Energi AS
Elektro - Mekanisk - Rør Ingeniør - Sivilingeniør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.11.2021

Som medarbeidar i Linja AS har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

Linja AS har eit omfattande program for utvikling av linjenettet i forsyningsområdet. Mykje av nettet nærmar seg teknisk levetid som fører til oppgraderingar og nybyggingar i mange år framover. Samtidig er det stor aktivitet med nye tilknytingar i overliggande nett som genererer tiltak i distribusjonsnettet.

Dine oppgåver:

  • Planlegge og følgje opp vedlikehaldsoppdrag, i hovudsak i det regionale distribusjonsnettet.
  • Vedlikeholdsanalyse for innspel til budsjettprosess.
  • Følgje opp byggherreansvaret, med fokus på tryggleik, helse og arbeidsmiljø.
  • Følgje opp kostnad, tid og framdrift i vedlikehaldsoppdrag, og rapportere dette.
  • Andre arbeidsoppgåver innan kraftsystem ved behov

Dette er deg:

  • Du har bachelor eller tilsvarande innan elektrofaga.
  • Du har gjerne erfaring frå prosjektering/byggeleiing og /eller fagbrev
  • Du er framoverlent, sjølvstendig og ser nye løysingar på problem du står ovanfor
  • Gode samarbeidsevner

 Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga

Oppmøtestad etter avtale, fortrinnsvis Sandane eller Florø 

Kontaktperson

Kristian Vassbotten
Avdelingsleiar Kraftsystem
975 77 410

Ansettelsesform

Fast

Søk nå