30/09/2021

Senioringeniør

  • Kystverket
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.10.2021

Vi søker etter dyktige medarbeidarar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig to stillingar som prosjektleiar i gjennomføringsfase for prosjekt i Kystverket si utbyggingsavdeling. Stillingstittel er senioringeniør. Avdelinga har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande.
Stillinga innebær noko reiseverksemd
Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Arbeidsoppgåver

Ferdigstille detaljprosjektering for utbyggingsprosjekt.
Utarbeide konkurransegrunnlag og gjennomføre avdelinga sine anskaffingar av rådgjevar- og entreprenørkontraktar.
Prosjektleiing og kontraktsoppfølging av Kystvekret sine tiltak i farvatnet.
Deltaking i prosjekt- og arbeidsgrupper.
Andre arbeidsoppgåver kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

Sivilingeniør eller ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
Søkar må ha minimum 5 års relevant erfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt.
Søkar bør ha relevant praksis frå rådgjevingstjeneste, entreprenørtjeneste  , offentleg etat eller privat verksemd.
Det er ønskeleg med erfaring innan, kontraktsoppfølging, geoteknikk og konstruksjonar i maritimt miljø.
Det er nødvendig med førarkort klasse B.     
God evne til å legge fram saker både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Ansvarsbevisst
Analytisk
God evne til å konkludere og fatte nødvendige tiltak
God gjennomføringsevne
Gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
Initiativrik, sjølvstendig og strukturert 
Godt humør

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg 

Vi tilbyr

Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver.
Eit kollegialt og utviklande fagmiljø.
Gode velferdsordningar.
Fleksibel arbeidstid.
Kystverket er ei IA-bedrift.
Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning.
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
Stillinga vert plassert i st.kode 1181 som senioringeniør i samsvar med Kystverket sin lønnspolitiske plan.
Startlønn frå kr 650 300 (ltr 70), til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss. 

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktperson:
Jostein Bøhlerengen Moe Avdelingsleiar
Telefon 995 79 002

Ansettelsesform

Fast

Søk nå