30/09/2021

Byggeleiar

  • Kystverket
Bygg og anlegg Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.10.2021

Vi søker etter dyktige medarbeidarar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig ei stilling som byggeleiar ved utbyggingsavdelinga i Kystverket. Stillingstittel overingeniør/senioringeniør. Avdelinga har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande.
Stillinga inneber omfattande reiseverksemd. Byggeleiar må rekne med lengre opphald på anleggsstaden.
Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Arbeidsoppgåver

Byggeleiing på anleggsstaden ved gjennomføring av Kystverket sine utdjupingsprosjekter.
Oppfølging av prosjektstyrings-, kontroll-, kvalitets- og SHA-planar
Kvalitetssikring og kontroll i prosjekterings- og anleggsfase
Delta i utarbeiding av konkurransegrunnlag
Stillinga kan bli tillagt rolla som koordinator utførande i høve byggherreforskrifta
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar 

Ingeniør med utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis bygg- eller anleggslinje.
God evne til å legge fram saker både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
Det er ønskeleg med relevant erfaring som byggeleiar, anleggsleiar eller liknande.
Det er ønskeleg med erfaring frå sprengingsarbeid og arbeid knyta til maritimt miljø.
Førarkort klasse B
Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan kompensere for det formelle utdanningskravet 

Personlege eigenskapar 

Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
Omgjengeleg og bevisst si rolle som Kystverkets representant på anleggsstaden 
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Framtidsretta, engasjert og påliteleg 

Vi tilbyr

Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
Gode velferdsordningar
Kystverket er ei IA-bedrift
Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
Stillinga vert plassert i st.kode 1087/1181 som overingeniør/senioringeniør iht. Kystverkets lønnspolitiske plan.
Startlønn frå kr 543 500 (ltr 60), til kr 677 600 (ltr 72), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
Kystverket benytter fleksibel arbeidstid. Arbeidstid på prosjekt avtales med nærmaste leiar
Kystverket skal vere prega av mangfald, og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hos oss.  

Anna
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling 

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktperson:
Jostein Bøhlerengen Moe Avdelingsleiar
Telefon 995 79 002

Ansettelsesform

Fast

Søk nå