08/07/2021

Vil du vere med å videreutvikle biblioteket vårt?

  • Bjørnafjorden kommune
Kultur - Bibliotek - Museum Ledelse

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 15.08.2021

Har du lyst å bidra til å utvikla bibliotektilbodet i Bjørnafjorden mot nye høgder? Vi drøymer om eit nytt litteratur- og frivillighus. Vil du vera med på reisa som vår bibliotekleiar?

Bjørnafjorden bibliotek har ledig 100% stilling som biblioteksjef frå september 2021.

Bjørnafjorden er ein spennande kulturkommune med fleire viktige kulturinstitusjonar som Oseana kunst- og kultursenter, Museet Lysøen, Oselvarverkstaden, private galleri og eit vitalt kunst- og kulturliv. Bjørnafjorden bibliotek har mange brukarar og er ein viktig møteplass og kulturarena i lokalsamfunnet. 

Biblioteket er ei avdeling i kultureininga og har eit hovudbibliotek i kommunesenteret Osøyro og ein filial i Eikelandsosen. Hovudbiblioteket har meirope og det er planlagd liknande løysing for filial. Avdelinga har 5,44 årsverk fordelt på 9 stillingar. Biblioteksjefen er avdelingsleiar for Bjørnafjorden bibliotek og inngår i kultursjefen si leiargruppe.

Det nyleg samanslåtte biblioteket er inne i ei spennande utvikling med m.a. nytt biblioteksystem, Quria, samarbeid om BUA-tilbod, formidling av digital fotobase, utvikling av digihjelp og planar om kundetorg- funksjonar i biblioteket. Sommaren 2021 har biblioteket meir enn 1300 born med på aksjon Sommarles.

Arbeidsstad
Hovedbiblioteket på Osøyro og Eikelandsosen fillial

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk leiing og koordinering av drift
  • Plan og utviklingsarbeid
  • Ansvar for personale, tenesta og økonomi
  • Samarbeid internt og eksternt
  • Systemansvar for biblioteksystem
  • Vakter i biblioteka og oppfølging av arrangement

Kvalifikasjonar

  • Bachelor-/mastergrad i bibliotekfag eller anna relevent høgare utdanning, som kan supplerast med bibliotekfag.
  • Relevant praksis, gjerne med leiarerfaring
  • Erfaring med personal og økonomiansvar er ein fordel
  • Ha god formidlingskompetanse
  • Vera god i skriftleg nynorsk
  • Det er ein fordel med førarkort

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at du er

  • Sjølvstendig, motivert og engasjert
  • Strukturert
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Effektiv
  • Fleksibel
  • Opptatt av god kommunikasjon og samarbeid

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Lønsplassering kap.3 i Hovedtariffavtalen
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson:
Erik Vangsnes
Telefon 472 77 146

Ansettelsesform

Fast

Søk nå