02/06/2021

Avdelingsleiar - Tenester for funksjonshemma - 2. gongs lysing

  • Vinje kommune
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

vinje.jpg
SØKNADSFRIST: 18.06

100% fast stilling som avdelingsleiar ledig frå 01.08.21 - ID 1899

Søknadsfrist: 18.06.21

Er du vår nye avdelingsleiar?   Tenester for funksjonshemma yter tenester for bebuerar med ulik grad av funksjonshemming Avdelinga omfattar to bufellesskap, Svingen med 11 bueiningar er døgnbemanna og Reini med 4 bueiningar er bemanna delar av døgnet.  Me er opptekne av å gje gode tilpassa tenester til våre brukarar, slik at den einskilde har ein aktiv og meiningsfull kvardag, opplever å ha råderett i eige liv og kjenner seg inkludert i eit fellesskap.   Me søkjer no etter ein fagleg dyktig og engasjera avdelingsleiar, som vil vere ein positiv pådrivar for å utvikle Tenester for funksjonshemma vidare. Vinje kommune er for tida i ein omstillingsprosess, der du som leiar vil ha ei sentral oppgåve i  organisering og utvikling av tenesteområdet.   Som leiar ynskjer du å skape ein kultur med fokus på godt arbeidsmiljø og høg etisk merksemd. Du legg til rette for læring, meistring og utvikling ved å involvere og gje ansvar til dine medarbeidarar. Du er oppteken av å vise gjennomføringskraft for å oppnå gode resultat og nytte dei økonomiske ressursane effektivt.   Arbeidsoppgåver: • Ansvar for dagleg drift av bufellesskapa i høve til fag, personell og økonomi.  • Leie, kvalitetssikre og utvikle det faglege arbeidet i bufellesskapet. • Legge til rette for å sikre et godt samarbeid med kolleger, personal, pårørande og andre samarbeidspartar. • Ansvar for at tenestene vert ytt i tråd med vedtak og etter gjeldande regelverk.
  Kvalifikasjonar: • Vernepleiar eller annan helse og sosialfagleg kompetanse på minimum bachelornivå.  • Ynskje om  leiarerfaring eller relevant leiarutdanning. • Erfaring frå relevante fagområde er ein fordel. • Kjennskap til gjeldande lover og reglar innanfor tenesteområdet.   Personlege eigenskapar: • Du kommuniserar på ein tydeleg og trygg måte, er samlande og har evne til å skape tillit.  • Du bidreg til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving • Du har evne til å motivere, ta avgjerder og delegere. • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig  • Du er nytenkande og endringsvillig. • Du kan vise til gode samarbeidsevner. • God muntleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
  Personlege eigenskapar og motivasjon vert vektlagd.
  Me kan tilby: • Ein lærande og framtidsretta organisasjon. • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. • Ulykkesforsikring også i fritid. • Løn etter avtale.   I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysningar om stillinga ved Helse og omsorgssjef Kari Dalen tlf 478 94 710 kari.dalen@vinje.kommune.no  eller  avdelingsleiar Unn -Merethe Nordby tlf: 947 96 515 epost: unn.merethe.nordby@vinje kommune.no    Søknad skal sendast på elektronisk skjema. Skjema finn du her

Ansettelsesform

Fast

Søk nå