27/05/2021

Geomatikar - Utbygging Bergensområdet

  • Vestland fylkeskommune
Ledelse

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 09.06.2021

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherre-miljøet er delt i tre geografiske einingar, Utbygging Nord (Sogn og Fjordane), Utbygging Sør og Utbygging Bergensområdet (Bergen og omkringliggande kommunar).

Til Utbygging Bergensområdet søkjer vi etter geomatiker for større og mindre tiltak i vårt geografiske ansvarsområde knytt til kontoret vårt på Sandsli.

Arbeidsoppgåver

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø   
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av små og store modellbaserte utbyggingsprosjekt frå prosjektering til ferdig bygt anlegg. Hovudoppgåvene består av kontroll av modellar, mengdeberekning og geometriske kontrollar.
  • Etablering og kontroll av terrengmodellar og grunnlagsnett. 
  • Andre landmålingsoppdrag må påreknas (situasjonsinnmåling, nivellering, laserskanning og tilhørende prosessering).

Vestland fylkeskommune brukar GNSS, totalstasjon, niveller, laserskanner og drone i sitt arbeid.

Kvalifikasjonar

  • I utgangspunktet krev vi 3-årig utdanning frå universitet/høgskule innan fagområdet. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
  • Må kunne bruke GNSS og totalstasjon med tilhøyrande programvare. 
  • Erfaring med Gemini Terrain, Leica Infinity og Cyclone, Cyclone 3DR eller tilsvarende er ein fordel. 
  • Søkjar må ha førarkort for personbil kl. B.

Personlege eigenskapar

Du er strukturert og arbeider sjølvstendig, men også godt saman med andre. Vi ønskjer oss også ein kollega som er engasjert og som bidreg fagleg og sosialt. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar utbygging Bergensområdet Cathrine Haugen Botnevik på telefon; 93871300.

Vi tilbyr

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktperson:
Kjell Hagesæter
Prosjektleiar
Telefon 976 75 165

Ansettelsesform

Fast

Søk nå