22/02/2021

Rådgivar stab - samferdsel

  • Møre og Romsdal fylkeskommune
Rådgiver - Konsulent Transport Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 09.03.2021

Vi søker etter:

ein strukturert rådgivar til styringsstaben, med sterk fagleg integritet. Du vil få ansvar for oppgåver innanfor tenesteområde samferdsel sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og virksomhetsplanlegging.

Du skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar mm til fagavdelingane.

På samferdselsområdet har vi eit dynamisk og spanande miljø i rask utvikling. Som rådgivar vil du arbeide i styringsstaben til samferdselsdirektøren, som mellom anna har ansvar for strategisk styring og -leiarstøtte innafor samferdselsområdet i fylkeskommunen.

Du får jobbe med å

Bistå sektorleiinga med å ivareta styrings- og koordineringsfunksjonar, ma ved å;

  • Koordinere saker til samferdselsutvalet og andre politiske utval i fylkeskommunen, påsjå at politiske saker knytt til sektoren blir følgd opp/effektuert. Til ei kvar tid ha oversikt over alle relevante politiske saker
  • Bidra til å koordinere og drive avdelinga sitt arbeid med overordna plan- og styringsprosessar, herunder årshjul/styringskalender
  • Vere ressursperson for leiing innan prosjekt- og porteføljestyring
  • Bidra i arbeidet med oppdatering av måleindikatorar og resultatmål, herunder leiaravtalar og oppdragsnotat til fagavdelingane
  • Kvalitetssikre og bidra til vidareutvikling av felles verktøy og malar

Stillinga er særs viktig for at samferdselssektoren skal gjere dei rette tiltaka til rett tid og med rett kvalitet.

Du vil utføre analyser som andre bestiller frå oss, og samtidig må du sjølv ta initiativ til utgreiingar. Arbeidet du bidrar med skal danne grunnlag for strategiske vegvalg på samferdselsområdet.

Vi søker deg som

har ei utdanning helst på masternivå innanfor samfunnsfaglege og/eller organisasjonsfaglege studieretningar. Relevant erfaring vil bli vektlagt.

Vi søker deg som har fagleg integritet, og som er trygg og sjølvstendig.

Du:

  • er strukturert
  • har stor arbeidskapasitet
  • har god gjennomføringsevne
  • tar lett initiativ
  • er ein tydeleg prosessleiar
  • er god til å samarbeide med andre
  • trivst i rolla som formidlar

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • eit innovativt kompetansemiljø i vekst og utvikling
  • spennande arbeidsoppgåver som du kan være med på å definere innhaldet i
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale.

Om arbeidsplassen

Tjenesteområde samferdsel er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fagorgan på samferdselsområdet. Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk med buss, hurtigbåt og ferje i fylket Fylkeskommunen er den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3200 kilometer fylkesveg.

Fagområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM/kollektiv og Fylkesveg samt ei stabseining rundt samferdselsdirektøren. Tjenesteområde samferdsel har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde, Kristiansund samt på nokre større utbyggingsprosjekt i fylket.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. 

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Kontaktpersoner:
Arild Fuglseth
Samferdselsdirektør
Telefon 71 28 02 67
Mobil 915 30 085

Magne Arild Vinje
Ass samferdselsdirektør
Telefon 71 28 02 79
Mobil 913 78 582

Ansettelsesform

Fast

Søk nå