SØKNADSFRIST: 18.01.2021
Det vert med dette utlyst ei 100% prosjektstilling i 3 år som prosjektleiar VA/bygg. Stillinga rapporterer til
rådmann og inngår i rådmannen sin stab.
Stillinga er oppretta i samband med at ein dei neste åra skal gjennomføre større investeringar innanfor VA og bygg. Innanfor VA sektoren skal ein mellom anna bygge ut ringvassleidning og skifte ut delar av hovudleidningsnettet. Ein skal og sikre reservevassforsyning og etablere nye reinsestasjonar for avlaup. Innanfor bygg er det planlagt større utbyggingar innanfor skule/oppvekst og eldreomsorg. Ein viktig del av stillinga vert å vere byggjeleiar for desse prosjekta.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og det er viktig at den som vert tilsett har høgt fokus på leveranse i ein travel kvardag med mange oppgåver.
Austrheim kommune søkjer ein sjølvstendig og erfaren prosjektleiar som har levert prosjekt på tid og innanfor budsjett.
Kommunen planlegg å gjennomføre eit større VA investeringsprosjekt. Primært gjeld dette distribusjonsnettet med tilstøytane anlegg. Vi skal i dei næraste åra ha ein ein kraftig aktivitetsvekst med nyanlegg og auka fornyingsgrad på distribusjonsnettet.
Typiske arbeidsoppgåver kan vere:
- Prosjektleiing, planlegging og administrasjon av VA-entreprisar og byggjentreprisar, inkludert framdrifts- og økonomistyring.
- Kontraktsoppfølging
- Sørge for kontroll av anleggsutføring.
- Handtering av eventuelle endringar, forbindelsar.
- Planlegging av framtidig VA-infrastruktur
- Vere prosjektleiar for, eller delta i, utgreiingar og moglegheitsstudier innan VA og bygg
- Ivareta VA og bygg sine interesser i tverrfaglege prosjekt både internt og eksternt i kommunen
- Relevant teknisk utdanning på master- eller bachelornivå, innan bygg og anlegg
- Solid erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar eller frå tilsvarande roller med gjennomførings- og resultatansvar.
- Kompetanse / erfaring med vatn og avlaup er ei føremon.
- God kompetanse innan HMS/SHA og risikostyring.
- God norskspråkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
- Systematisk, dyktig og effektiv
- Stor grad av initiativ, struktur og ansvarlighet
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- Førarkort kl B
- Sterkt fokus på kvalitet og brukartilfredsheit
- God på kommunikasjon med interne og eksterne aktørar
- Proaktiv i høve til dagleg drift
- God på å prioritere i ein travel kvardag
- Utviklings- og prosessorientert
- Tydleg leiar med høgt fokus på leveranse
- Løysningsorientert
- Pådrivar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagd. Vi vil ta omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarar i
organisasjonen.
For nærare opplysningar om stillinga kontakt Rådmann Liv Løvvik mobil 906 22 932
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.
Kontaktperson:
Liv Løvvik
E-post
Liv.Lovvik@Austrheim.kommune.no
Mobil
Austrheim - Her er ca 2900 innbyggjarar. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land.
Austrheim kommune er ein av vertskommunane til Statoil Mongstad. Kommunen satsar på å arbeida fram gode bumiljø der tilflyttarar kan busetja seg. Det er sett i gang bustadbygging som både er sentrumsnært og sjønært. Kommunen har to gode barnehager og 2 barne- og ungdomsskular, med gode høve til leik og idrettsaktivitatar. Kommunen har ein symjehall med ei aktiv symjegruppe. Det er og ein idrettshall og ny idrettspark. Kommunen har også vidaregåande skule.