11/11/2020

Vil du vere med på det nye elektrolaget vårt? INV - INFRASTRUKTUR OG VEG

  • Vestland fylkeskommune
Ingeniør - Sivilingeniør Vedlikehold - Drift

Stillingsbeskrivelse

logo vestland

SØKNADSFRIST: 29.11.2020

Vestland fylkeskommune skal utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. 

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre.
 
Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Seksjonen har eit beredskapsansvar der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. Vårt mål er å syte for trygg framkomst på fylkesvegane.

For å styrke vår kompetanse på elektro søkjer vi no etter byggjeleiarar, kontrollingeniørar og byggherrestøtte  til vår nyoppretta elektroeining. Med deg på laget vil du få 10-12 dyktige  kollegaer, og ilag skal de utarbeide og følgje opp elektrodriftskontraktene våre.

Arbeidsstad er Leikanger, Bergen eller Førde. Andre kontorplasseringar kan vurderast. 

Arbeidsoppgåver

           I rolla som byggjeleiar vil du:

  • Ha teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføringa og evalueringa av elektrokontrakten
  • Følgje opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på eigne prosjekt • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre faggrupper og etatar
  •  Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
  •  Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  •  Arbeide med konkurransegrunnlag, og oppfølging av gjeldande elektrokontraktar
  •  Saman med kontrollingeniør sørge for at alle krav i kontraktane  blir følgt og rapportert vidare til prosjektleiar 

    I rolla som kontrollingeniør vil du:
  • Utføre kontroll og oppfølging av elektrokontraktar 
  •  Utarbeide kontrollplanar
  •  Utføre kvalitet- og kostnadskontroll
  •  Utføre oppfølging av HMS og ytre miljø ute på anlegg
  •  Utføre kontroll av dokumentasjon og føre resultat inn i vårt kvalitetssystem

    I rolla som byggherrestøtte vil du:
  •  Støtte byggherreorganisasjon gjennom å aktivt bruke system for oppfølging og rapportering
  •  Delta i HMS-oppfølging
  •  Delta i økonomioppfølging
  •  Støtte prosjektleiar i det daglege arbeidet på eininga

Kvalifikasjonar

Vi ser etter byggjeleiarar med fagleg sterk profil med bachelor- eller mastergrad innan elektrofaget. Tilsvarande kontrollingeniørar og byggherrestøtte med bachelorgrad eller fagskule. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnadar for stillinga.  
Vi ønsker oss kandidatar som trivst med samarbeid då stillingane inneber mykje kontakt med kollegaer og eksterne instansar. At du er ein god formidlar, skriftleg og munnleg, og kan bruke digitale flater er ein fordel.  

Vi tilbyr

Du blir ein del av sterkt tverrfagleg miljø. Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. 
Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivst saman i eit uformelt arbeidsmiljø. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte seksjonssjef Eivind Yttri; tlf. 90830854.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktpersoner:
Eivind Yttri
seksjonssjef
90830854
 eivind.yttri@vlfk.no  

Ansettelsesform

Fast

Søk nå