04/11/2020

Vikariat rådgivar

  • Fylkesmannen i Rogaland
Barnehage Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.11.2020

Utdanningsavdelinga har ansvar for statlege oppgåver knytte til barnehage, grunnopplæring og vaksenopplæring. Dei tilsette i avdelinga har variert fagleg bakgrunn, høg kompetanse og stor arbeidskapasitet.

Utdanningsavdelinga har ledig eit vikariat ut 2021 som rådgivar innanfor barnehageområdet med tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle oppgåver er å 

  • ivareta Fylkesmannen sine oppgåver på barnehagefeltet
  • gi informasjon og rettleiing til barnehagemynde og barnehageeigarar, m.a. i kurs og konferansar
  • behandle klagesaker
  • føre tilsyn med kommunar og barnehagar
  • arbeide med iverksetting av nasjonal kompetansepolitikk, t.d innføring av rammeplan, regional kompetanseutvikling, inkluderande barnehage- og skolemiljø, nytt regelverk om trygt leike- og læringsmiljø

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som

  • har relevant utdanning minimum på bachelornivå
  • har brei erfaring frå barnehagefeltet
  • har god innsikt kommunen sine roller på barnehageområdet
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
  • er fleksibel, initiativrik og systematisk
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg på begge målformer 

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar, kr 520 000 - kr 650 000 pr år i statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring 
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna)
  • nødvendig opplæring 
  • varierte, interessante og krevjande oppgåver som betyr mykje for barn og unge
  • samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidar i avdelinga, i embetet og i Utdanningsdirektoratet
  • godt arbeidsmiljø og gode kollegar

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en. 

Spørsmål om stillinga

  • Du får nærare opplysningar hos utdanningsdirektør Marianne Skogerbø, tlf. 51568788/99156049, eller hos assisterande direktør Hallgeir Bø, tlf. 51568733/92287260.

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå