15/09/2020

Rådgivar - verjemål, Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

  • Fylkesmannen i Rogaland
Administrasjon - Økonomi Rådgiver - Konsulent Samfunnsvitenskap

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 30.09.2020

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeidar med saker på ei rekkje områder, mellom anna: Verjemålslova, plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, ekteskapslova, rettshjelpslova og lov om kommunal beredskapsplikt.

Verjemål er hjelp til personar som grunna sjukdom og alder ikkje kan ivareta sine økonomiske eller personlege interesser. Fylkesmannen er verjemålsmyndigheit i Rogaland og handsamar saker i fyrsteinnstans etter verjemålslova. I Rogaland er det nærmare 4700 verjemål. 

Er du interessert i kontakt med personar som omfattast av verjemålslova, tenesteytarar på kommunalt og statleg nivå, samt andre offentlege instansar? Er du også interessert i å samarbeida på tvers med oppgåver i eit tverrfagleg miljø?

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga har ledig eit vikariat som rådgivar med varigheit på eit år. 


Arbeidsoppgåver

  • publikumskontakt med råd og rettleiing på verjemålsfeltet
  • oppretting, endring og avslutning av verjemål
  • søknader om verjegodtgjering og utgiftsdekning
  • andre oppgåver innan verjemålsområdet kan og vere aktuelle


Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som 

  • har relevant utdanning på mastergradsnivå, innanfor økonomi eller samfunnsfag
  • har relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
  • er fleksibel, initiativrik og systematisk
  • har god formidlingsevne og god relasjonell kompetanse
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • har god kjennskap til ulike dataverktøy og digital kommunikasjon
  • internasjonal utdanning og/eller grad må være godkjent av NOKUT


Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar kr 520 000 - 590 000, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • eit triveleg arbeidsfellesskap
  • god oppfølging og arbeid i ei avdeling med høg kompetanse

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.


Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar om stillingane kan ein få av avdelingsdirektør Monica Nessa, tlf. 5156 8871, mobil 481 26 847 eller ass. avdelingsdirektør Jan Petter Stangeland, tlf. 51568855, mobil 452 34 036

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå