09/09/2020

Vågåheimen søkjer to sjukepleiarar til 66% natt (ei fast stilling og eit vikariat)

  • Vågå kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

vaga.kommune.jpg
SØKNADSFRIST: 20.09.2020

Vågåheimen er den største enkeltarbeidsplassen i Vågå kommune, med om lag 80 tilsette og totalt 44 pasientplassar.

2 ledige 66% stillingar som sjukepleiar på Vågåheimen, ei fast stilling og eit vikariat.  Stillingane har turnus på natt, samt kvar 3. helg. 

Ønskje om snarleg oppstart. 

Vikariatet går til 31.08.2021, med moglegheit for forlenging. 

Arbeidsoppgåver:

  • Ordinære sjukepleieoppgåver etter brukars behov
  • Dokumentasjon
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Samarbeid med pårørande 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant erfaring er eit føremon
  • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
  • Førarkort for bil, klasse B
  • God fagleg innsikt og tryggheit

Eigenskapane dine:

  • Fagleg engasjert.
  • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjøvstendig
  • Kreativ og endringsorientert, samt lojal mot planar.
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar saman med det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Fleksibel og godt humør.
  • Personleg eigenheit vil bli tillagd avgjerande vekt.

Det vert krevd politiattest ved tilsetjing. 

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår.
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Kompetanseheving.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer. 

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. 

Søknad

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Ny søknadsfrist: 20.09.2020 

Nærmare opplysningar rundt stillinga blir gjeve av:

Avdelingsleiar Eli Strøm tlf. 48 22 06 83. 

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Ansettelsesform

Fast, Vikariat

Søk nå