09/09/2020

Bibliotekar – Stord folkebibliotek

  • Stord kommune
Kultur - Bibliotek - Museum

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 04.10.2020

Ved Stord folkebibliotek er det ledig fast 100 stilling som bibliotekar frå 1.1.2021.

bøker i bibliotek

Stord folkebibliotek har hovudbibliotek i Stord kulturhus. I bygget er elles kino, symjehall og kulturskole. Folkebiblioteket inngår som del av ei samla ny kultureining som består av kulturtenester, kulturskule og bibliotek under leiing av ein kultursjef. I åra som kjem vil biblioteket arbeide vidare med satsing på arbeid mot barn og ungdom saman med skular og barnehagar. Ulike former for arrangement vil også være ein viktig del av verksemda. 

Hovudarbeidsområde for stillinga er publikumsteneste, medieval, registrering av media og systemansvar for Bibliofil datasystem. Bibliotekaren fungerer som biblioteksjef i biblioteksjefen sitt fråvære. 

Relevant bakgrunn/eigenskapar:

  • Me vonar elles å få ein fleksibel kollega som kan delta i dei ulikeaktivitetane i biblioteketsom t.d. arrangement og team- og prosjektarbeid.
  • Me søker ein fagutdanna bibliotekar med utdanning på minimum bachelornivå. Tidlegare røynsle frå folkebibliotek er ein føremon.
  • Me søkjer deg som er positiv, initiativrik, strukturert og som har god samarbeidsevne. 

Me kan tilby:

  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
  • Ein travel og triveleg arbeidsplass med gode kollegiale tilhøve. 

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato. 

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til :

Biblioteksjef Bjørnar Withbro tlf. 53 49 69 70 / 95 74 83 55

Ansettelsesform

Fast

Søk nå