04/09/2020

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid

  • Høgskulen i Volda
Høgskole - Universitet

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.09.2020

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie er det, frå 01.03.2021, ledig ei heil, fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sosialt arbeid. Stillinga er ved Institutt for sosialfag, og først og fremst ved bachelorutdanningane i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, men også på mastergradnivå. 

Kvalifikasjonar

Søkjarar bør ha doktorgrad som er relevant for sosialt arbeid, men søkjarar med mastergrad vil også verte vurderte. Relevante mastergrader er t.d. sosialt arbeid, psykologi, statsvitskap og sosiologi.

Søkjarar bør ha forskingserfaring, fortrinnsvis barnevernrelatert, evt andre viktige område innan sosialarbeidsfeltet. Det er ønskjeleg at søkjarar har relevant praksis, t.d. frå barnevern, rusfeltet, psykiatri, Nav eller frå andre yrkesarenaer for sosialt arbeid med barn, unge og deira familiar.

For tilsetjing i stilling som høgskulelektor eller førstelektor, må den som vert tilsett ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing. 

For stillingar som førsteamanuensis viser vi til:

Høgskulen i Volda sine krav til pedagogisk basiskompetanse: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Retningslinjer%20pedagogisk%20basiskompetanse%20januar%202020.pdf

Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129.

Søkjarar til stilling som førsteamanuensis vil ikkje bli rangert på bakgrunn av pedagogisk basiskompetanse, men vurderte. Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ikkje innfrir krava til pedagogisk basiskompetanse, kan bli tilsett som førsteamanuensis med vilkår om innan to år å opparbeide kompetansen. Det vil bli gitt tilbod om opplæring/kurs/emne for å oppnå pedagogisk basiskompetanse.

Institutt for sosialfag er kontinuerleg i prosess med å utvikle utdanningane. Det er tett samarbeid mellom dei tilsette. Den som søkjer må ha gode samarbeidsevner, vere utviklingsorientert og ha god formidlingsevne skriftleg og munnleg. Søkjarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Undervisningsspråket er norsk, og søkjaren må kunne norsk skriftleg og munnleg. Kontorstaden er ved Høgskulen i Volda.

Søkjar må dokumentere eigen kompetanse frå utdanning, relevant arbeidserfaring, undervisningserfaring og ev. forsking/utviklingsarbeid

Arbeidsfelt

Arbeidsoppgåvene er undervisning, rettleiing, vurdering, fagadministrativt arbeid, forsking og utvikling, inkludert deltaking i interne og eksterne forskingsgrupper. Det er forventa at den som blir tilsett bidreg til utvikling av fagfeltet sitt, og av høgskulen generelt. Arbeidsoppgåvene er hovudsakleg innanfor barnevernspedagog- og sosionomutdanningane, som til dels er samorganiserte med opplegg som går på tvers.

Utdanningane ved instituttet er inne i ein omstillingsprosess som kan ha konsekvensar for arbeidsoppgåvene i stillinga.

 

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling, og gode pensjonsordningar. Det er gode vilkår for forsking ved Høgskulen i Volda, og informasjon om støtteordningar finn du her: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/stotteordningar. Høgskulen i Volda har mange forskingsgrupper: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/forskingsgrupper»

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda:  høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000 og førsteamanuensis 1011 / førstelektor 1198 frå kr 583 900 – 789 200.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar, som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglova § 25, kan søkjarar be om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under ‘søknad’ hake av for ‘Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jf. Offentlighetsloven’, og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
 

 

Om søknaden

Søknaden og all dokumentasjonen skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

  • Vitnemål og attestar, samla i ei fil
  • CV med kontaktinformasjon for referansar
  • Inntil 10 – 15 vitskaplege arbeid, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og doktorgradsavhandling

Dei faglege og pedagogiske kvalifikasjonane til søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval etter krava i  Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129  og høgskulen sine interne retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse.  Alle søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå søkarar som klart ikkje er kvalifiserte, blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Knut Hunnes, tlf. 70 07 51 79, e-post: knut.hunnes@hivolda.no eller til dekan Randi Bergem, tlf. 70 07 52 11 randi.bergem@hivolda.no

Om instituttet

Institutt for sosialfag er eit institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Institutt for sosialfag har i alt omlag 600 studentar. Basis for utdanningstilboda er to bachelorutdanningar i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelt på tre studieår.

Instituttet tilbyr mastergradutdanning i helse- og sosialfag, med vel 100 studentar. Eitt av dei obligatoriske emna i mastergraden, ‘Meistring og myndiggjering, samhandlingsperspektivet, og tre av dei valfrie emna i mastergraden – ‘Rus som kulturelt og sosialt fenomen’, ‘Leiing i helse- og sosialtenestene’ og ‘Politikk, folkehelse og livsløp’-   vert tilbydde også som vidareutdanningar:

Instituttet har elles vidareutdanningstilbod på bachelornivå - ‘Miljøterapi i demensomsorga’ og ‘Sakshandsaming og tenesteyting i helse- og omsorgstjenesten’.

Alle masterutdanningane og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte.

I samarbeid med Høgskolen i Molde driv Høgskulen i Volda ph.d.-programmet ‘Profesjonsutøving - vilkår og utvikling’. Ved HVO er ph.d.-programmet lagt til Institutt for sosialfag. Elles er høgskulen involvert i ‘Master i helseleiing’, som er ein fellesgrad i samarbeid mellom NTNU, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda.

Video

Ansettelsesform

Fast

Søk nå