03/09/2020

Kommunepsykolog

  • Fjord kommune
Psykolog

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 11.10.2020

Formålet med stillinga er å ivareta dei lovkrav som vart gjeldande frå januar 2020 om at alle kommuner skal ha psykologteneste. Fjord kommune har ingen psykologer i dag, men har 3 tilsette i 220% stilling som psykiatrisk sjukepleiar og psykiatrisk helsearbeidar. Dei arbeidar henholdsvis i Valldal og Stordal og saman med legekontora og tenestekontoret. Psykologen skal bidra i satsinga for å styrke kvalitet og kompetanse i det tverrfaglege arbeid innan psykisk helse og rus, vold- og traumefeltet.  

På legekontoret i Valldal har vi i dag tre leger, to helsesekretærer, 1 helsesjukepleiar, 1 psykiatrisk helsearbeidar og 1 psykiatrisk sjukepleiar. På legekontoret i Stordal har vi 1 lege + 1 LIS1, to helsesekretærer (den eine er leiar for legekontora), 1 helsesjukepleiar og 1 psykisk helsearbeidar. Tenestekontoret som også er knytt til legekontora har i tillegg til leiar, 1 sjukepleiar, 1 ergoterapeut og 1 fysioterapeut (+ avtale med 4 private fysioterapeuter). 

Fjord kommune er ein nynorskkommune og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver
  • Klinisk arbeid
  • Tenesteutvikling internt i tverrfaglege prosjekt
  • Vere med på å utvikle kommunen sitt førebyggande og helsefremjande arbeid saman med våre engasjerte tilsette
  • Deltaking i vurdering av søknadar om kommunale tenester
  • Tverrfagleg utvikling av, og deltaking i kommunens kriseteam
  • Interkommunalt (klinisk) arbeid ved inngåtte samarbeidsavtalar
  • Kvalitetsarbeid
  • Vegleiing av tilsette
Kvalifikasjonar
  • Godkjent profesjonsutdanning i psykologi
  • Gjerne med relevant spesialisering med norsk autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Politiattest
Personlege eigenskapar
  • Personleg eignaheit vert vektlagt. Den tilsette må kunne vise sjølvstende, evne til lagarbeid, fleksibilitet og gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
  • Det blir tilbydd og lagt til rette for spesialisering ved tilsetting av psykolog.
  • Det vert lagt til rette for vedlikehold av spesialitet, og anna kompetanseutvikling i dialog med leiar.
  • Det vert lagt til rette for vegleiing, og deltaking i psykologfaglege nettverk i Ålesund kommune/RKBU.
  • Tverrfagleg samarbeid i kommunen og vegleiing lokalt
  • Stå-på-vilje og laginnsats
  • Utforming av stilling i dialog med kommunens leiing
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • God barnehagedekning 
  • Hjelp til å skaffe bustad

Kontaktinformasjon

Kjetil Heggem
Kommunalsjef Helse- og Omsorg
4187939
kjetil.heggem@fjord.kommune.no 

Henrik Steenfeldt-Foss
Kommuneoverlege
93098108

Ansettelsesform

Fast

Søk nå