09/07/2020

Ph.d.- stipendiat i kulturmøte st.nr. 40/20

  • Høgskulen i Volda
Høgskole - Universitet

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.10.2020

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat knytt til mastergraden Kulturmøte.  Doktorgradsprosjektet skal vere retta mot fagfeltet religion og/eller historie, og det bør tematisk gjelde kulturmøte, slik profilen er ved mastergraden på HVO.

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år, eller i fire år der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved høgskulen. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Søkjarar må ha fullført mastergrad­utdanning eller tilsvarande når dei søkjer på stillinga. Tidspunktet for å starte i stillinga er etter avtale. 

Kulturmøte er ein tverrfagleg mastergrad og er eit tilbod frå Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. Forutan masteroppgåva på 60 studiepoeng blir det gitt undervisning i eit vitskapsteoretisk emne og fem kulturhistoriske emne på 15 studiepoeng kvar: Nasjon, kultur og religion, Skule, religionsmangfald og sekularisering, Migrasjon, kjønn og religion, Brennpunkt Midtøsten og Mikrohistorie. Eit emne om religionskrig er under utarbeiding. Det er og ei eige forskingsgruppe i kulturmøte ved høgskulen. 

Vi søkjer særleg etter prosjekt som er retta mot eit av følgande felt:

Religion og interkulturell kommunikasjon

Kristendom og kultur: Aktuelle politiske strømmingar

Utdanningshistorie og distriktshøgskulane i Noreg

Eldre historie (før ca. 1750)

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande.

Eit vilkår for å ta til i stillinga som stipendiat er at ein har opptak på eit godkjent nasjonalt eller
internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på dette er seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Høgskulen kan hjelpe til med utviklinga av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane til vanleg stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad må ha utdanninga godkjent av NOKUT.

Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-
avhandlinga).

Søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. 

Om stipendiatstillingar

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Etter avtale med avdelinga kan
tilsettingsperioden vere fire år, der 25 prosent av stillinga blir nytta til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen. Stipendiatar får tenlege kontor og utstyr, og dei får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda.


Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som
postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld. Ved høgskulen gjeld også «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda».

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stipendiatstillingar vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20, lønstrinn 54.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit
personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar, som oppgjer at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad.


Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om ikkje å bli oppførte på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under ‘søknad’ hake av for ‘Er det grunnlag for å bli unntatt offentlegheit, jf.’. Offentlegheitsloven’, og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje. 

Om søknaden

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Prosjektskissa som skal sendast inn, skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke. Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektomtalar vert vurdert av eit internt utval ved høgskulen. Prosjektideen og prosjektskissa er det avgjerande grunnlaget for vurderinga. 

For dei som vurderer å søke, vil det bli arrangert eit søkeseminar i september 2020, der vi gir tips om korleis ein byggjer opp gode forskingsprosjekt. Dato for arrangementet vert kunngjort på nettsida til Høgskulen i Volda ved semesterstart. 

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.


I tillegg til prosjektskissa, skal desse dokumenta leggast ved:

CV med kontaktinformasjon til referansar

Vitnemål og attestar

Masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid
 

Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må stadfestinga leggjast ved søknaden. 

 

Kontakt

For spørsmål om stillinga kan søkjarar kontakte instituttleiar ved Historisk institutt, Ola Teige: ola.teige@hivolda.no, instituttleiar ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Bente Mari Afset: bente.mari.afset@hivolda.no

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Sjå video nedanfor. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video

Ansettelsesform

Åremål

Søk nå