09/07/2020

Ph.d.-stipendiatar knytte til lærarutdanning – st. nr. 39/2020

  • Høgskulen i Volda
Høgskole - Universitet

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.10.2020

Om stillingane

Ved Høgskulen i Volda er det ledig inntil fem stipendiatstillingar (doktorgradsstipend) knytte til lærarutdanning. Stipendiatane skal vere med på å styrkje det vitskaplege grunnlaget for ei eller fleire av lærarutdanningane ved høgskulen: Barnehagelærarutdanning, Grunnskulelærarutdanning 1–7, Grunnskulelærarutdanning 5–10 og Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag og yrkesfag. Søkjarane må gjere greie for eit forskingsprosjekt som tek opp relevante utfordringar i arbeidet i barnehage og/eller skule. 

Det vil vere ein fordel om prosjektet kan koplast til ei av desse forskingsgruppene ved AHL: 

Forskingsgruppe for profesjonsfag

Forskargruppe for læringsprosessar og vurderingshandlingar

Forskargruppe for språkleg og kulturelt mangfald

Forskingsgruppe for spesialpedagogikk og inkludering

Forskingsgruppe for matematikkdidaktikk

PPU forskingsgruppe

Profesjonsetikk

Språk og læring

Tidleg litterasitet/literacy i barnehage og skule

 

Det kan også vere aktuelt å kople seg opp mot forskingsgrupper ved andre avdelingar ved HVO som er involvert i lærarutdanning.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergrad­utdanning eller tilsvarande. Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (Ph.D.-avhandlinga). Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektskissene vert vurderte av eit utval ved høgskulen. I vurderinga vert det lagt stor vekt på kvaliteten på prosjektskissa. Fagleg erfaring og/eller forskingskompetanse utover mastergrad vert også vektlagt.

Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Søkjarane må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Eit vilkår for å ta til i stillinga som stipendiat er at ein får opptak på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på slikt opptak er seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane vanlegvis stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad må ha utdanninga godkjent av NOKUT.

Om stipendiatstillingar

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetjing på fulltid i tre år. Tilsetjingsperioden kan forlengast til fire år der 25 prosent av stillinga vert knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål. Arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Dersom den faglege innretninga på forskingsprosjektet tilseier det, kan anna avdelingstilknyting vurderast.

 

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld. Ved høgskulen gjeld også «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda».

Vi tilbyr

Høgskulen i Volda har eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Etter at det er gjeve tilbod om tilsetjing, kan høgskulen hjelpe til med utvikling av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Høgskulen i Volda har saman med Høgskulen i Molde doktorgrads-programmet "Ph.D i helse- og sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving". Stipendiatar vil også kunne søkje om opptak i forskarskular som Høgskulen i Volda er med i: WNGER-II (Western Norway Graduate School of Educational Research II), RVS (The Research School Religion, Values and Society) og Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies. 

Stipendiatstilling vert løna i statens lønsregulativ, lønsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20, lønstrinn 54.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad. 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet  på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge. 

Om søknaden

Søknader med all dokumentasjon skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge. Det er lenkje til elektronisk søknad på nettstaden: www.hivolda.no/stilling.  

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gje fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjaren sitt ansvar å syte for at alle dokument/filer er lasta opp til søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg post til høgskulen.

Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Der skal det kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor det er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal også gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri eller datagrunnlag ein tek sikte på å bruke, og prosjektomtalen må innehalde eit utkast til tidsplan. Prosjektideen og prosjektskissa er det avgjerande grunnlaget for tilbod om stipendiatstilling.

I tillegg til prosjektskissa på ti sider, skal desse dokumenta leggjast ved:

CV med kontaktinformasjon til referansar

Vitnemål og attestar

Masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid 

Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må det også følgje som vedlegg til søknaden.  

Kontakt

Nærare opplysingar om stipendiatstillingane kan ein få ved å kontakte dekan Arne Myklebust tlf. 70 07 50 95, e-post: arne.myklebust@hivolda.no eller prodekan Per Halse tlf 70 07 51 46, pha@hivolda.no  For generelle spørsmål om søknad og tilsetjing kan personalsjef Randi Urke kontaktast på e-post: personal@hivolda.no.

Søkeseminar

Det blir arrangert eit søkeseminar i september 2020 (i løpet av første tredel). Dato og tidspunkt for seminaret vil bli kunngjort på nettsida til Høgskulen i Volda. Følg med på nettsidene til HVO for nærare informasjon om dag/tidspunkt. 

Om avdelinga

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og 130  tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje slike tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Sjå video nedanfor. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video

Ansettelsesform

Åremål

Søk nå