09/07/2020

Ph.d.-stipendiat i sosialt arbeid- st. nr. 38/20

  • Høgskulen i Volda
Høgskole - Universitet

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.10.2020

Om stillinga

Det er ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Vi ønskjer søkarar som har gode prosjekt innanfor sosialt arbeid. Vi er særleg interesserte i prosjekt som handlar om tema innan psykisk helse, rusfeltet, barnevern, NAV-tenester, brukarerfaringar, medverknad og skjønnsutøving.   

Tidspunktet for å starte i stillinga er etter avtale. Den som vert tilsett, må søkje om opptak til doktorgradsprogrammet Profesjonsutøving; vilkår og utvikling ved Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde. Opptaket må vere godkjent før ein kan ta til i stilling som stipendiat. Vilkår for opptak til doktorgradsprogrammet finn ein i Utfyllende retningslinjer for ph.d.-studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling, http://kvalitet.himolde.no/KS_UNL741 

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor sosialfag, helsefag, samfunnsvitskaplege fag eller i andre relevante fag, og med eit karakternivå på B eller betre. Unntak kan gjerast etter skjønn. Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Fagleg erfaring eller vitskapleg arbeid, utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet, vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane. 

Søkjar med utanlandsk mastergrad, kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga. 

Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. 

Om stipendiatstillingar

Ei stipendiatstilling er ei mellombels stilling på åremål. På fulltid er ho tre år, eventuelt kan tilsetjingsperioden utvidast til fire år på fulltid, der 25 prosent av stillinga er undervising eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda. 

Stipendiatstillingar er underlagt føresegnene i Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent eller spesialistkandidat fastsett av KD 31.02.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stipendiatstillingar vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20, lønstrinn 54. 

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar, som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad. 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. 

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga. 

I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om ikkje å bli oppførte på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under ‘søknad’ hake av for ‘Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven’, og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge. 

Om søknaden

Søknaden og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen. 

Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektskissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og for kva empiri / datagrunnlag ein tek sikte på å bruke. Prosjektomtalen må innehalde eit utkast til tidsplan. Prosjektideen og prosjektskissa er det avgjerande grunnlaget for tildeling av stipend og opptak til doktorgradsprogrammet. For dei som vurderer å søke, vil det bli arrangert eit søkeseminar i september 2020, der vi gir tips om korleis ein byggjer opp gode forskingsprosjekt. Dato for arrangementet vert kunngjort på nettsida til Høgskulen i Volda ved semesterstart. 

Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument / filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. 

I tillegg til prosjektskissa, på om lag 10 sider, skal følgjande dokument leggast ved:

CV med kontaktinformasjon til referansar

Vitnemål og attestar

Masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid 

 

Kontakt

Nærare informasjon kan du få ved å kontakte dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Randi Bergem, e-post bergemr@hivolda.no, tlf. 700 75211 / 48 15 72 71, instituttleiar ved ISF, Knut Hunnes, e-post knut.hunnes@hivolda.no, tlf.  700 75179, eller professor Tor-Johan Ekeland, Institutt for sosialfag, e-post tje@hivolda.no, tlf. 700 75089.

Om instituttet

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag. Instituttet arbeider med undervisning, forsking og formidling innanfor sosial- og helsefeltet. Instituttet tilbyr bachelorutdanning i sosialt arbeid (barnevern og sosionom), mastergradutdanning i helse- og sosialfag, og ph.d.-utdanning i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Tilsette ved instituttet forskar på mange ulike område, mellom anna profesjonsutøving og skjønnutøving i kontekstar som barnevern og NAV, og brukarerfaringar og medverknad i ulike samanhengar. Som stipendiat ved ISF vert du del av eit engasjert og solid fagmiljø, der det er fleire forskingsgrupper.

Om Avdeling for samfunnsfag og historie
Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1500 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Om ph.d.- programmet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap denne doktorgradsutdanninga, som er tverrprofesjonell og tverrfagleg. Utdanninga rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Faggrupper møter i aukande grad samansette problem og må samarbeide på tvers av faggrupper for å utvikle gode tenester. Ph.d.-utdanninga har eit breitt fagleg fellesskap av kandidatar og rettleiarar. I alt 28 kandidatar er tekne opp på utdanninga, og i doktorgradsprosjekta er det brukt både kvantitative og kvalitative metodar og ‘mixed methods’. 

Les meir om ph.d.-studiet her: https://www.hivolda.no/studietilbod/phd-studium-helse-og-sosialfag-profesjonsutoving-vilkar-og-utvikling/haust-var 

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Sjå video nedanfor. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video

Ansettelsesform

Åremål

Søk nå