09/07/2020

Ph.d.-stipendiat i planlegging og administrasjon - st.nr.37/20

  • Høgskulen i Volda
Høgskole - Universitet

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 15.10.2020

Om stillinga

Det er ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i planlegging og administrasjon ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag

 

Tidspunktet for å starte i stillinga er etter avtale. Eit vilkår for å ta til i stipendiatstillinga er at ein får opptak på  eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på dette er tre månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Vi gjer merksam på at doktorgradsgjevande institusjonar vanlegvis stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad må ha utdanninga godkjent av NOKUT.
 

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor samfunnsvitskaplege fag, eller i andre relevante fag, normalt med karakteren B eller betre. Vitskapleg arbeid etter master/hovudfag kan ev. kompensere for dette kravet. 

Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Utlysinga søkjer etter prosjekt som omhandlar samfunnsplanlegging og administrasjon i vid forstand, og som har utgangspunkt i fagområde det blir undervist og forska i ved instituttet. Aktuelle fagområde kan vere:

Lokalsamfunnsutvikling

Offentleg forvaltning

Regionaløkonomi

Berekraftig samfunnsutvikling

GIS i planlegging

Fagleg erfaring eller forskingskompetanse, utover mastergrad på aktuelle fagfelt, vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane. Søkjar med utanlandsk mastergrad, kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga. 

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

 

Om stipendiatstillingar

Ei stipendiatstilling er ei mellombels stilling på åremål. På fulltid er ho tre år, eventuelt kan tilsetjingsperioden utvidast til fire år på fulltid, der 25 prosent av stillinga er undervising eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda.

 

Stipendiatstillingar er underlagt føresegnene i Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent eller spesialistkandidat fastsett av KD 31.02.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stipendiatstillingar vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20,

lønstrinn 54.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar, som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse. 

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga. 

I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om ikkje å bli oppførte på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under ‘søknad’ hake av for ‘Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven’, og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal

offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge. 

Om søknaden

Søknaden og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen. 

Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektskissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri / datagrunnlag ein tek sikte på å bruke. Prosjektomtalen må innehalde eit utkast til tidsplan. Prosjektideen og prosjektskissa er det avgjerande grunnlaget for tildeling av stipend. For dei som vurderer å søke, vil det bli arrangert eit søkeseminar i september 2020, der vi gir tips om korleis ein byggjer opp gode forskingsprosjekt. Dato for arrangementet vert kunngjort på nettsida til Høgskulen i Volda ved semesterstart. 

Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument / filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. 

I tillegg til prosjektskissa, på om lag 10 sider, skal følgjande dokument leggast ved:

CV med kontaktinformasjon til referansar

Vitnemål og attestar

Masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid 

Kontakt

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til programansvarleg for Bachelor i planlegging og administrasjon, Gro Anita Bårdseth, gro.anita.bardseth@hivolda.no, tlf. 70 07 53 32, instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, e-post nmm@hivolda.no, tlf. 70 07 51 63, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post randi.bergem@hivolda.no,  tlf. 70 07 52 11.

Om instituttet

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS). Instituttet tilbyr mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning.  Instituttet har per i dag 19 fast tilsette. Det er fleire forskingsgrupper ved instituttet

Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1500 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Sjå video nedanfor. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video

Ansettelsesform

Åremål

Søk nå