01/07/2020

Sjukepleiar (psykiatri), Open omsorg Høyanger

  • Høyanger kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 09.08.2020

Psykiatritenesta er organisert som ein del av tenestetilbodet i open omsorg Høyanger, og har einingsleiar i open omsorg som sin næraste overordna. Heile kommunen er arbeidsstad for sjukepleiarar i psykiatritenesta. Det er faste tverrfaglege samarbeidsmøter mellom NAV og psykiatritenesta/heimetenestene, legetenesta, barnevern, helsestasjonen. Psykiatrisk sjukepleiar deltek i kommunen sitt rusfaglege forum. 

Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast. Arbeidstida er i utgangspunktet dagtid, men arbeid på ettermiddag/helg må påreknast. 

Vi ynskjer søkjarar som:

  • har utdanning som sjukepleiar med vidareutdanning i rus/psykisk helse. Erfaring med arbeid innan same brukargruppe kan kompensere for
    manglande vidareutdanning. 
  • har førarkort kl B  - reiseverksemd på påreknast då den som vert tilsett har heile kommunen som arbeidsfelt.
  • kan arbeide sjølvstendig og målretta 
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig 
  • har grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette og har god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk 

Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.  Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktpersonar:

Oddveig Eide (frå veke 30)
mob: +47 99219305

Stine Tufte (tom veke 29)
mob: +47 99219315

Ansettelsesform

Fast

Søk nå