17/04/2020

Fysioterapeut med 80% driftstilskot - Bli God Fysikalske

  • Bømlo kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 08.05.2020

Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune har ledig stilling for fysioterapeut med 80% driftstilskot knytt til Bli God Fysikalske som er Iokalisert i Bømlohallen.

Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune består av 5,6 fastløna fysioterapeutar (inkl. verksemdleiar) og 3,1 ergoterapeutar. Kommunen har òg 3,6 driftstilskot for avtalefysioterapeutar. Dette driftstilskotet er knytt til Bli God Fysikalske som er Iokalisert i Bømlohallen. Det er tilsaman to fysioterapeutar i praksisen, dei har i lag ein tilsett i 80% stilling. Fysioterapeuten må ta over dei forpliktingane/kontraktane som er knytt til instituttet i dag. 

Arbeidsoppgåver:

* Utøva allmenn fysioterapi etter kommunen si gjeldande prioritering. * Stillinga rapporterer til verksemdleiar Kathrine Tislevoll Nygård  

Kvalifikasjonar: 

Me søkjer offentleg godkjent fysioterapeut som * Har fagleg kompetanse og brei erfaring innan allmenn fysioterapi * Har erfaring og interesse for geriatrisk fysioterapi * Er fagleg engasjert * Har erfaring med sjølvstendig næringsdrift * Har god kunnskap om relevant helselovgiving og ASA 4313 * Er løysingsorientert, ansvarleg og strukturert * Har gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig * Må kunna norsk skriftleg og munnleg  

Personlege eigenskapar: 

* Ved tilsetjing vert det Iagt stor vekt på personlege eigenskapar.  

Me tilbyr: 

* Driftstilskot i eigna Iokaler i samarbeid med ein annan fysioterapeut.  * Godt pasientgrunnlag.  

Andre opplysningar: 

* Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. * Avtaleheimelen er regulert av ASA 4313 slik den til ei kvar tid Iyder.  * Tildeling og overdraging skjer i tråd med ASA 4313.   Kontaktperson: Verksemdleiar Kathrine Tislevoll Nygård - 53 42 33 42 / 901 95 430.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå