17/04/2020

Fysioterapeut i fast 70% stilling og 30% vikariat - Ergo- og fysioterapitenesta

  • Bømlo kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 08.05.2020

Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune har ledig 70% fast stilling som fysioterapeut frå 01.06.20 og i 30% vikariat frå 01.06.20 til 31.12.20. Det kan bli høve for forlenging. Ved interne søkjarar kan delen fast stilling bli redusert. Det kan bli behov for fleire vikarar, og me oppfordrar både ergoterapeutar og fysioterapeutar til å søkje.

Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune består av 5,6 fastløna fysioterapeutar (inkl. verksemdleiar) og 3,1 ergoterapeutar. Kommunen har òg 3,6 driftstilskot for avtalefysioterapeutar. 

Arbeidsoppgåver:

* Fysioterapeutane yt teneste til brukarar i heile kommunen; både i heimar, på institusjon, barnehagar, skule, poliklinisk osb. * Det er samarbeid med andre faggrupper på ulike områder i heile kommunen, m.a. innan heimerehabilitering. * Arbeidet er variert med oppgåver innan m.a. habilitering, rehabilitering, oppfølging av kronisk sjuke, ansvarsgrupper/individuell plan og hjelpemiddelformidling. * Pasientgruppa er særleg barn, funksjonshemma og eldre. * Det er ulike prosjekt i kommunen som ergo- og fysioterapitenesta er tydeleg med i t.d. fallførebyggjing, og prosjekt på helsestasjon og skulehelsetenesta. * Stillinga rapporterar til verksemdleiar Kathrine Tislevoll Nygård.  

Kvalifikasjonar:

Me søkjer offentleg godkjent fysioterapeut som * Har erfaring frå kommunehelsetenesta * Har erfaring og/ eller interesse for rehabilitering * Har erfaring og/ eller interesser for fysioterapi for funksjonshemma * Har erfaring og/ eller interesse for nevrologi og geriatri * Har erfaring med hjelpemiddelformidling * Er fagleg engasjert * Er løysingsorientert, ansvarleg og strukturert * Har fokus på og evne til tverrfagleg samarbeid. * Har gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig * Må kunna norsk skriftleg og munnleg  

Personlege eigenskapar:

Ved tilsetjing vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar som prioritering, planlegging og evne til å takle uforutsette hendingar.  

Me tilbyr:

* Eit godt fagleg arbeidsmiljø, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.  

Andre opplysningar:

* Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. * Søkjar må ha sertifikat klasse B. Tenesta har Ieasingbilar. * Stillinga vert løna etter gjeldande regulativ. * Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår   Kontaktperson: Verksemdleiar Kathrine Tislevoll Nygård - 53 42 33 42 / 901 95 430.  

Ansettelsesform

Fast, Vikariat

Søk nå