11/03/2020

Helse- og omsorgsleiar

  • Masfjorden kommune
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

masfjorden.jpg
SØKNADSFRIST: 31.03.2020

Me søkjer etter ny helse- og omsorgsleiar i Masfjorden kommune.

Stillinga har eit overordna ansvar for helse- og omsorgstenesta, og er plassert i rådmannen si leiargruppe. Den som vert tilsett vil i stor grad kunne vere med på å påverke tenesteprofilen til kommunen.

Helse- og omsorgsleiar har overordna ansvar for legetenesta, helsestasjon, sjukeheim, heimetenesta, psykisk helseteneste, fysioterapi/ergoterapi, bu- og avlastingsting og NAV.

Arbeidsoppgåver

  • overordna styring og leiing av avdelingane
  • heilskapleg ansvar for økonomi og budsjett
  • overordna personalansvar
  • ansvar for å leie og utvikle avdelingane sitt tenestetilbod og arbeids- og fagmiljø
  • handsaming av saker for eige område til politiske organ

Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.

Kvalifikasjon

  • har helsefagleg/sosialfagleg høgskuleutdanning
  • leiarerfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
  • god økonomi- og budsjettforståing
  • kjennskap til offentleg forvaltning
  • kommuniserer godt, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
  • er løysings orientert og har vilje til utvikling og samarbeid
  • skapar gode relasjonar og resultat gjennom samarbeid med tilsette og deira tillitsvalde
  • har god arbeidskapasitet med evne til å prioritere og delegere
  • er nytenkjande og vil arbeide med endring og utvikling

Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • ei sjølvstendig stilling med eit stort handlingsrom
  • erfarne medarbeidarar i administrasjonen og i leiinga
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning i KLP
  • tilsetting i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
  • prøvetid på 6 månader

Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Slik søkjer du

Søk elektronisk via heimesida til kommunen.
https://www.masfjorden.kommune.no/ledige-stillingar2/
Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt Masfjorden kommune 56166200.

Kontaktperson:
Rådmann Svein Helge Hofslundsenge
tlf: +47 56166215
mob: +47 90624235

Ansettelsesform

Fast

Søk nå