11/02/2020

Sjukeheimslege, 1 års vikariat, snarleg oppstart

  • Kvinnherad kommune
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 29.02.2020

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ledig 100% vikariat for sjukeheimslege i perioden mars 2020 til mars 2021. Legetenesta i Kvinnherad kommune har pr. i dag 2 legeårsverk fordelt på 3 leger, og har ansvar for pasientane innlagt i institusjonar innan pleia og omsorg. Det er 3 sjukeheimar i Kvinnherad kommune. Rosendalstunet har 60 plassar, og er ein ny og moderne sjukeheim med totalt 6 avdelingar, ei særskild tilrettelagt for personar med demens. Husnestunet har 49 plassar inkludert Samhandlingsavdelinga og 2 KAD-plassar. Halsnøytunet er ein sjukeheim med til saman 21 plassar fordelt på langtid, korttid/avlastning.

Stillinga vert utlyst som ei kombinasjonsstilling med 20% på Husnestunet, 50% ved Rosendalstunet og 30% på Halsnøytunet. Som sjukeheimslege er du knytt til eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiarar, ergoterapeut og fysioterapeutar.

Arbeidsoppgåvene består hovudsakleg av ordinært tilsynsarbeid. Sjukeheimslegen er viktig i drifta av våre to KAD-senger på Husnestunet. Andre kommunale oppgåver kan verta delegert av kommuneoverlegen. Deltaking i kommunal legevakt er òg ein del av stillinga, per i dag 2-3 vaktar per månad.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein dyktig og interessert lege som vil vera med å utvikla sjukeheimstenesta vår i ei positiv retning og som bidreg i kvalitetsutviklande arbeid. Det er ynskjeleg med lege som har kompetanse og erfaring frå sjukeheimsmedisin, allmennmedisin og/eller indremedisin. Søkjarar med anna relevant bakgrunn vil òg bli vurdert.

Engasjement, fleksibilitet, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Søkjarar bør ha gjennomført norsk turnusteneste, ha norsk autorisasjon og ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Søkjar treng førarkort klasse B.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontakter

Navn: Irina Zimina
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 48894055

Ansettelsesform

Fast

Søk nå