15/01/2020

Rådgjevar/ sakshandsamar, Avdeling for plan, bygg, oppmåling og miljø

  • Austrheim kommune
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 05.02.2020

Ved avdelinga for plan, bygg, oppmåling og miljø er det frå og med 01.03.2020 ledig fast 100 % stilling som rådgjevar/sakshandsamar. Eininga arbeider mellom anna med reguleringsplanar, oppmålingssaker, byggesaker, byggesakstilsyn og miljøsaker. Avdelinga arbeider som eit team der me arbeider på tvers av fagområde for å oppnå gode resultat. I tillegg arbeider me saman med andre einingar etter behov for å løyse oppgåver på tvers. Austrheim kommune har eit høgt publikumsfokus og søkjer alltid å finne gode løysingar saman med innbyggjarar og næringsliv.

I stillinga som rådgjevar/sakshandsamar vil ein få ansvar for handsaming av mellom anna byggesaker og klagesaker, men og skrive saksutgreiingar for politiske utval. I tillegg vil ein arbeide med mellom anna oppdatering av rammeavtalar, anbod og byggeleiing. Det er viktig at ein har både juridisk og teknisk forståing, men og god skrifteleg framstillingsevne. 

Arbeidsoppgåver

- Handsama saker etter plan- og bygningslova, herunder byggesakshandsaming, tilsyn og ulovlegheitsoppfølging
- Veiledning av publikum og fagpersonar i byggebransjen
- Saksutgreiing for politiske utval
- Byggeleiing i byggeprosjekt
- Rammeavtalar
- Anbod

Krav til kompetanse

- Utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innanfor juridiske eller tekniske fag. Søkjarar med lang realkompetanse innanfor arbeidsområde kan og vurderast
- Juridisk forståing
- God skriftleg framstillingsevne
- Flytande norsk skriftleg og munnleg
- Det er ein fordel med god kjennskap til plan- og bygningslova
- Det er ein fordel med erfaring innanfor relevante fagområde eller offentleg forvaltning
- Det er ein fordel om ein beherskar engelsk munnleg

Personlege eigenskaper

- Løysnings- og publikumsorientert
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Glad i varierte oppgåver og ansvar
- God på å prioritere ei rekke oppgåver i ein travel kvardag
- Praktisk tilnærming

Personleg eigenskapar vil verte vektlagd, og me vil ta omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarar i organisasjonen.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga kontakt kommunalsjef Thomas Lindås på telefon 56 16 21 14/40 90 38 60.

Vi kan tilby

- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
- God pensjonsordning, KLP/SPK.
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Varierte oppgåver og nye utfordringar
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsvilkår
- Lønn etter avtale 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Thomas Lindås
Tittel: Kommunalsjef service og forvaltning
E-post: thomas.lindas@austrheim.kommune.no 
Mobil: +4740903860
Arbeid56162114

Ansettelsesform

Fast

Søk nå