09/01/2020

Økonomisjef 100 % fast stilling

  • Kvinnherad kommune
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 04.02.2020

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune søkjer økonomisjef. Kommunen jobbar målbevisst med å utvikla ein profesjonell organisasjon med vekt på leiarutvikling, kvalitetsleiing og målstyring, og er opptekne av resultat, utvikling og omstilling til beste for våre innbyggjarar. Med på laget ynskjer me oss no ein økonomisjef som evnar å sjå organisasjonen som eit heile, som identifiserer seg med kommunen sine visjonar, verdiar og samfunnsoppdrag.

Økonomisjefen vil ha ei sentral rolle i kommunedirektøren si leiargruppe. Økonomisjefen skal sikra at det er god kvalitet på den overordna økonomistyringa i kommunen, og vera rådgjevar og fagleg støtte for kommunedirektøren og leiarar med delegert budsjettansvar.

Me ynskjer oss ein fagleg sterk, ansvarsfull, handlekraftig og utviklingsorientert person i stillinga. Me ynskjer også at den som vert tilsett er ein lagbyggjar som trivest med å skapa resultat gjennom erfarne og dyktige medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver i stillinga

- Overordna økonomistyring i heile den kommunale organisasjonen: Sentrale oppgåver er budsjett og økonomiplanarbeid, årsmelding og årsrekneskap, rapportering og analyse
- Strategisk rådgjeving og planlegging
- Klare føringar og rådgjeving til aktuelle leiarar i økonomiplanarbeid, budsjett- og rekneskapsoppfølging
- Finansforvaltning
- Ansvar for drift og utvikling av kvalitetssystem innan økonomi- og internkontroll
- Bidra med vidareutvikling av interne rutinar og prosessar
- Førebu og presentera saker til politisk nivå

Det kan bli lagt andre oppgåver av strategisk og utviklingsretta karakter til stillinga

Kvalifikasjonar

- Relevant utdanning innan økonomi, fortrinnsvis master. Minimum tre års utdanning frå høgskule/universitet
- Relevant leiarerfaring frå tilsvarande arbeidsområde. Erfaring kan kompensera for kravet til master
- Brei erfaring med og god innsikt i overordna økonomistyring, først og fremst frå kommunesektoren
- God muntleg og skriftleg framstillingsevne, gjerne erfaring med å laga saksframstilling for politiske utval og styrande organ
- God IT og teknologikompetanse

Personlege eigenskaper

- Strukturert, med stor arbeidskapasitet og sterkt engasjement for jobben
- Høg gjennomføringsevne
- Kommunisera tydeleg og evna å formidla informasjon på ein effektiv og god måte
- Trivast med å samarbeida med andre, evna å skapa gode relasjonar

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakter

Navn: Ragnhild Bjerkvik
Tittel: Kommunedirektør
E-post: ragnhild.bjerkvik@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 99276690

Navn: Gunn Berit Sandnes Fosse
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: gunn.fosse@kvinnherad.kommune.no 
Mobil: 97024282

Ansettelsesform

Fast

Søk nå