25/11/2019

Overingeniør/senioringeniør GIS / geodata, Kystverket Sørøst

  • Kystverket
Arkitekt - Geografi -Landskap Ingeniør - Sivilingeniør

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 13.12.2019

Det faglege, koordinerande ansvaret for GIS og geodata i Kystverket er lagt til geodatatjenesten ved Senter for transportplanlegging, plan og utredning (TPU), Kystverket Sørøst, Arendal. Geodatatjenesten er m.a. ansvarleg for utvikling og drift av Kystverket sin felles geodatainfrastruktur (kartservere, databaser, klientløysingar osb). Geodatatjenesten tilbyr geodatafaglege tenester, støtte og opplæring til heile Kystverket. Kystverket sine dataforvaltnings- og tenesteløysingar er bygd på eit breitt spekter av teknologiar.

Det er ledig stilling som overingeniør/senioringeniør ved geodatatjenesten.

Arbeidsoppgåver

  • Oppdatere produktspesifikasjonar, m.v. for geodata i samarbeid med respektiv dataeigar
  • Databaseadministrasjon, tilrettelegging av geodata for spørring, nedlasting, m.a.
  • Geografisk analyse og kartproduksjon til presentasjonar, rapportar, utgreiingar etc.
  • Ansvar for drift av nasjonale kartportalar for marin forsøpling og beredskap mot akutt forureining 
  • Opplæring og støtte innan fagfeltet internt i Kystverket
  • Anna relevant arbeid innanfor fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Kjennskap til geografiske data og programvare (QGIS, ArcGIS etc)
  • Erfaring med databaseadministrasjon, scripting og programmering. Vi nyttar teknologiar som til dømes PostgreSQL/PostGIS, Cassandra, Python, FME, Javascript, Node, NGINX, og Docker
  • Kjennskap til og erfaring med Linux er ein fordel
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Nokre års arbeidserfaring vil bli vektlagt
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne både på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar

  • Gode kontaktskapande evner
  • Like å arbeide i team
  • Sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt, dynamisk og til tider hektisk arbeidsmiljø
  • Interessante og sjølvstendige arbeidsoppgåver med stort ansvar
  • Noko reising må påreknast
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stillinga er plassert i kode 1087/1181 som overingeniør/senioringeniør med lønnsspenn 58 - 76 i statens lønnsregulativ, brutto kr 513.600,- til kr 723.200,- pr år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgre lønn vurderast
  • Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss.
  • Vi gjer merksam på at Kystverket står i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta. Kontorlokasjonar og plassering av tilsette er ein del av omorganiseringsprosessen.

Det vert gjennomført forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Kontaktinformasjon

Frode Skjævestad
Seniorrådgiver
90060630
frode.skjevestad@kystverket.no 

Thor Vartdal
Avdelingsleder
90732301
thor.vartdal@kystverket.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå