08/10/2019

Økonomi- og personalsjef

  • Austrheim kommune
Administrasjon - Økonomi Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 24.10.2019

Nøkkelstilling for utvikling av menneskelege og økonomiske ressursar i kommunen:

Pådrivar for at systema for økonomi- og personalstyring fungerer i praksis, slik at ressursane organisasjonen rår over blir brukt til best moglege tenester for folk i Austrheim. Rolla krev både evne til å skape gode system, og til å samhandle med leiarar på både strategisk, og operativt nivå. Økonomi- og personalsjef leiar ei kompetent faggruppe innanfor økonomi, skatt, personal.

Vi ser etter: Ein fagleg sterk leiar med gode resultat. Økonomikompetanse på masternivå eller tilsvarande realkompetanse. Gode analytiske eigenskaper. Innsikt i mål- og resultatstyring. God til å formidle resultat og strategiar for vidare utvikling. Kjennskap/erfaring med lover/avtalar i arbeidslivet.

Ansvarsområde:
o Overordna styring av økonomi- og personalressursane i tett samspel med kommunalsjefane
o Fagansvarleg for mål- og resultatstyring i organisasjonen
o Systemansvar for HMS
o Systemansvar for Kostra-rapportering og evaluering / analyse på kommunenivå
o Ansvarleg for det politisk oppnemnde Administrasjonsutvalet
o Ansvarleg for det administrativt oppretta AMU

Søknad vert levert digitalt gjennom rekrutteringsportalen på heimesida til Austrheim kommune.

Informasjon om stillinga

For ytterlegare informasjon om stillinga kan du kontakte rådmann Liv Wigdis Løvvik (mobil 906 22 932) eller konsulent Ole Georg Hoaas (Bedre organisasjon), mobil 99 56 80 44.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Liv Løvvik
E-post: Liv.Lovvik@Austrheim.kommune.no 
Mobil: +4790622932

Navn: Ole Georg Hoaas
Mobil: 99568044

Ansettelsesform

Fast

Søk nå