01/10/2019

Rådgjevar / seniorrådgjevar samfunnsøkonomi

  • Kystverket
Administrasjon - Økonomi Rådgiver - Konsulent Samfunnsvitenskap

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 21.10.2019

Senter for transportplanlegging, plan og utredning (TPU) har ansvar for å levere samfunnsøkonomiske analyser i Kystverket, i første rekke knytt til planlegging og prioritering av Kystverket sin tiltaksportefølje i samband med Nasjonal transportplan, dvs utdjuping og merking i farleier langs kysten og inn til hamner. I tillegg vert det levert analyser i samband med andre investeringsføremål, herunder klima-/miljøtiltak og tilskotsordningar som Kystverket administrerer. Arbeidet med transport- og trafikkmodellar, miljøanalyser og prognoser er ein viktig del av TPU sitt ansvar, og utvikling av metodeverk, veileder mm inngår i arbeidet. Kystverket er dessutan aktivt med i det tverretatlige metode- og transportmodell-arbeidet i regi av Nasjonal transportplan. Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er geografisk plassert ved Kystverkets regionkontor i Arendal, men plassering ved Kystverkets Hovudkontor i Ålesund er eit alternativ.

Arbeidsoppgåver

 - Innhente og bearbeide grunnlagsdata for analyseformål (trafikkprognoser, ulykker, tids- og energibruk, miljø- /klimautslepp, osb.)
 - Utarbeide trafikkanalyser  
 - Utarbeide samfunnsøkonomiske analyser av tiltak innanfor Kystverkets ansvarsområder
 - Bidra i utvikling av samfunnsøkonomiske beregningsmetoder og analyseverktøy (inkl. programmering i Python)
 - Initiere og følgje opp forskningsprosjekt og metodisk utviklingsarbeid 
 - Andre arbeidsoppgåver kan tilleggast 

Kvalifikasjonar

 - Utdanning innanfor samfunnsøkonomi på master-/hovudfagsnivå, gjerne i kombinasjon med matematikk / informatikk / statistikk. Andre relevante utdanningsvegar kan vurderast
 - Kunnskap om programmering og databaser vil bli vektlagt
 - God muntleg og skriftleg framstillingsevne på både norsk og engelsk 
 - Erfaring frå arbeid med samfunnsøkonomiske analyser, gjerne med vekt på trafikkanalyser
 - Erfaring frå transport- eller samferdselsplanlegging, såvel som erfaring frå prosjektarbeid og prosjektledelse
 - Kunnskap om og interesse for samferdselssektoren vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

 - Nysgjerrig og glad i utfordringar
 - Likar å sette seg inn i nye tema og problemstillingar
 - Må kunne jobbe med fleire oppgaver samtidig
 - Like å arbeide i team
 - Tar ansvar for eige arbeid (sjølvstendig og strukturert)
 - Trivast med å formidle resultat

Vi tilbyr

 - Eit godt og til tider hektisk arbeidsmiljø
 - Sjølvstendige arbeidsoppgåver med stort fagleg ansvar
 - Stillinga er plassert i kode 1434 rådgjevar / kode 1364 seniorrådgjevar med lønnsspenn 60-76 i Statens lønnsregulativ , brutto frå kr 532.300 til kr 723.200
 - God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
 - Ferieheimsordning for tilsette i Kystverket på utvalde fyrstasjonar 

Andre opplysningar

Stillinga er plassert ved Kystverket Sørøst sitt regionkontor i Arendal, men plassering ved Kystverkets Hovudkontor i Ålesund er eit alternativ

Noko reising må påreknast

Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke arbeid hjå oss

 Vi gjer merksam på at Kystverket er i ein omorganiseringsprosess som ikkje er avslutta.

Søknadsfrist: 21.oktober 2019

Kystverket deltek i eit forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymisering av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen, og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Kontaktinformasjon

Thor Vartdal
Avdelingssjef
90732301
thor.vartdal@kystverket.no

Øystein Linnestad
Seniorrådgiver
48895590
oystein.linnestad@kystverket.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå