27/08/2019

Dagleg leiar

  • Krisesenteret Sogn og Fjordane
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 23.09.2019

Leiar ved Krisesenteret går av med pensjon ved årsskiftet. Vi søker difor etter ein ny dagleg leiar frå 1 januar 2020. Dagleg leiar har ansvaret for dagleg drift og skal leie verksemda i samsvar med lover, forskrifter og vedtekter, samt fylgje retningslinjer og gjennomføre og fylgje opp styrevedtak.

Ved eventuelt internt opprykk kan stillinga som fagansvarleg bli ledig.

Vi søker etter ein person som er modig, tillitvekkande, strategisk, inkluderande, relasjonsskapande og flink til å ta initiativ.

Ansvar og arbeidsoppgåver, m.a:

• Budsjett og økonomistyring

• Personalansvar

• Førebuing av styresaker og rapportering til styret

• Utvikling av verksemda og krisesentertilbodet og arbeide for å oppnå visjonar og mål.

• Representere Krisesenteret i media, i kontakt med samarbeidspartar og samfunnet generelt.

• Drive informasjonsarbeid og halde føredrag om vold i nære relasjonar og om krisesentertilbodet.

• Samarbeide med vertskommunen som er oppdragsgivar, andre kommunar og hjelpeinstansar.

• HMS og internkontroll

• Brukarretta arbeid

Utdanning/kvalifikasjonar:

• Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning

• God skriftleg og munnleg framstillingsevne

• Gode datakunnskapar

• Må kunne snakke engelsk

• Førarkort

• Kunnskap om krisehandtering og traumebevisst omsorg er ynskjeleg

Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på

Andre opplysingar:

• Lønn etter avtale.

• Pensjonsordning i KLP

Søknad med CV sendast til:

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Postboks 188

6901 Florø

Spørsmål om stillingen rettes til: 

Kontaktperson: Wenche Hovland
Stillingstittel: Dagleg leiar
Telefon:57 74 36 00
Epost: wenche.hovland@krisesenteret.sf.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå