01/08/2019

Seksjonsleiar, Medisinsk og ortopedisk seksjon, Lærdal sjukehus

  • Helse Førde HF
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse Lege

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.09.2019

Medisinsk og ortopedisk seksjon ved Lærdal sjukehus har ledig fast stilling for felles seksjonsleiar frå oktober 2019. Stillinga inneber overordna einskapleg leiing for seksjonane og dagleg leiing av medisisinsk og ortopedisk legegruppe. Seksjonsleiar er næraste overordna til einingsleiar for medisinsk og ortopedisk sengepost, samt einingsleiar for felles poliklinikk. Seksjonsleiar rapporterer til avdelingssjefane i medisinsk og ortopedisk avdeling. 

Stillnga krev stor grad av tilsedeværelse på sjukehuset, det vil ikkje bli tilrettelagt for heimekontor. Stillinga kan ikkje delast.
Dersom seksjonsleiar ikkje er lege, vert det peika ut medisinskfagleg rådgjevar. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene inneber leiing av fag, økonomi og personal ved seksjonen, med hovudvekt på:
  • rekruttering / opplæring / kompetansebygging / kvalitetssikring
  • oppgåveplanlegging og ressurfordeling
  • utarbeiding av handlingsplanar, HMS- og kompetanseplanar
  • medarbeidaroppfølging
  • månadleg rapportering vedr. aktivitet og økonomi, budsjettarbeid
  • deltaking i leiarmøter i avdelingane, klinikkane og føretak
  • kvalitetsarbeid som inkluderer intern kontroll, avviksbehandling, forbetringsprosjekt osv.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring som fagleiar eller administrativ leiar i helsetenesta, eventuelt frå andre organisasjonar er eit krav. Det er ein fordel med vidareutdanning innan leiing og administrasjon
  • Kjennskap til drift av legeteneste i sjukehus er ein fordel
  • Kjennskap til fagfelta er ein fordel
  • God datakunnskap / tryggheit i bruk av dataverktøy er nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Ha organisatoriske evner og like å jobbe som leiar i ein kompleks organisasjon med spennande utfordringar
  • vere fleksibel, positiv, men også resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Ha eigenskapar som fremjar kommunikasjon og samhandling internt og eksternt i organisasjonen
  • Ha eit heilskapleg perspektiv på helsetenesta og sjå indremedisinsk/ortopedisk verksemd som ei brikke i det totale helsetilbodet for befolkninga i Sogn og Fjordane

Vi tilbyr

  • Medisinsk og ortopedisk avdeling tilbyr godt leiarfagleg teamarbeid med støttande samarbeid og jamnleg leiardialog med avdelingssjefar. Spennande utfordringar i eit stimulerande fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Leiarutvikling
  • Hjelp med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon   Karianne Indrebø Avdelingsjef ortopedisk avd.  (+47) 918 67 566   Laila Haugland Avdelingssjef medisinsk avd.  (+47) 481 01 340

Ansettelsesform

Fast

Søk nå