30/07/2019

Psykiater, 2 faste stillingar

  • Helse Førde HF
Psykolog

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 01.09.2019

Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) for Sunnfjord og Ytre Sogn med DPS døgnposter og poliklinikk, og har også akuttpost med ØH plikt med opptaksområde Sogn og Fjordane, vaksenhabilitering og regional ruspost. Avdelinga har om lag 185 årsverk, herav 18 legestillingar. Vi har medisinstudentar frå Universitetet i Bergen vår og haust.   

Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forskning og utvikling. Vi har tilsett med professorkompetanse, tilsette med doktorgrad og vi har for tida 3 tilsette som held på med PhD.  Vi skal flytte inn i nytt bygg frå 2021 samlokalisert med Førde BUP og Sentralsjukehuset i Førde.  I samband med at vi skal flytte inn i nybygg, så skal vi bygge opp ein ny lokal tryggleikspost og etablere ny psykosepost i Førde.    

To av våre psykiatere har gått av med pensjon og vi har ledig 2 faste stillingar, begge i 100%  stilling som PSYKIATER frå 01.09.2019 ved Psykiatrisk klinikk i Førde. LIS 3 som har eit  år igjen eller mindre til å bli ferdig psykiater kan og søkje. Arbeid ved sengepost eller poliklinikk etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
  • Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
  • Det vert forventa at overlegen tek del i det faglege utviklingsarbeidet
  • Vaktarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykiater.
  • Gode språkkunnskapar, både munnlege og skriftlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort i klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt arbeidmiljø med hyggelige og erfarne kollegaer med brei og god kompetanse
  • Gode muligheiter for faglig og personlig utvikling 
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeid
  • Ev. hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg

Kontaktinformasjon

Svein Ove Alisøy
Avdelingssjef
(+47) 918 16 510

Tor Christopher Fink
Seksjonsleiar
(+47) 995 45 570

Ansettelsesform

Fast

Søk nå