09/07/2019

Plankoordinator, Miljøvernavdelinga

  • Fylkesmannen i Rogaland
Arkitekt - Geografi -Landskap Miljø - Klima Planlegging Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 20.08.2019

Om stillinga

Fylkesmannen i Rogaland skal gjennom dialog og skriftlege uttalar, formidle nasjonale forventningar til kommunale og fylkeskommunale planar innan våre ansvarsområde. Stillinga er knytt til miljøvernavdelinga som samordnar planarbeidet vårt internt. Stillinga inngår i embetet si plangruppe der alle avdelingane våre samarbeider tett om uttalar til og deltaking i kommunane sitt arbeid med kommuneplanar, reguleringsplanar og anna planarbeid etter plan- og bygningslova.

Miljøvernavdelinga har ledig fast stilling som plankoordinator.

Arbeidsoppgåver

  • gje godt samordna uttalar til planar etter plan- og bygningslova på vegne av embetet
  • fagleg og praktisk leiing av embetet si plangruppe
  • rapportere til embetsleiinga om planarbeidet i fylket
  • formidling av samla sektoransvar og særleg ansvar for miljøvern i planuttalar
  • særleg vekt på formidling av nasjonal arealpolitikk, dialog med og råd til kommunar, regionale myndigheiter og andre relevante planaktørar
  • møte/meklingar/informasjon/seminar/foredrag

Kvalifikasjonskrav

  • du har relevant utdanning på mastergradsnivå. Aktuell utdanning er til dømes innan arealplanlegging, by- og regionalplanlegging, eigedomsfag, jus, arkitektur med arealplan, natur- og ressursforvaltning, geografi  og statsvitskap. Fagleg breidde og tverrfaglig kunnskap om samfunn og arealbruk er viktig
  • det er ein fordel om du har relevant erfaring innan arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Andre med gode evner, innsikt i fagområdet og brei samfunnsinteresse kan og vere aktuelle
  • du har GIS/kartkompetanse 
  • du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
  • du kan arbeide godt så vel åleine som i lag med andre og likar å finne løysingar
  • du skriv klart og godt språk på begge målformer

Vi tilbyr

  • viktige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • gode høve til fagleg utvikling og til å vidareutvikle fagleg nettverk
  • lønn som rådgivar/seniorrådgiver kr 550 000 - kr 720 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk 
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • godt og tverrfagleg arbeidsmiljø

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Spørsmål om stillinga

Nærare opplysingar om stillinga får du hos ass fylkesmannen Harald Thune tlf.51568810/90504510, fmrohth@fylkesmannen.no, fung. fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen tlf. 51568936/92249043, fmromsb@fylkesmannen.no eller ass. direktør Anfinn Rosnes, tlf. 51568980/48147213.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå