30/04/2019

Ledig fagstilling i vernepleie ved Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet
Høgskole - Universitet Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fagstilling i vernepleie 

Stillinga er knytt til høgskulen si bachelorutdanning i vernepleie. 

Arbeidsstad for stillinga er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver: 

  • Undervisning innanfor fagområdet vernepleie

  • Oppfølging og rettleiing av studentar

  • Ferdigheitstrening

  • Skriftleg og munnleg tilbakemelding på studentarbeid, samt sensurarbeid

  • Forsking og fagutvikling i vernepleiefaglege problemstillingar

  • Koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid

  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Sjølv om stillinga er knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, vil den som vert tilsett kunne få undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved dei andre sosialfaglege studietilboda i instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt Ph.D grad på relevante fagområde for vernepleie. Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjend og stadfesta av NOKUT
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstekompetanse på relevante fagområde for vernepleie
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad, helst innan vernepleiefaglege tema. Anna relevant sosial-/samfunnsvitskapleg mastergrad kan vera aktuell dersom søkjaren har profesjonsutdanning i vernepleie
  • For tilsetjing som høgskulelærar må søkjar vere vernepleiar med erfaring frå arbeid i helse-og sosialtenestene. Det er forventa at søkjaren tek mastergrad og har interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse. Det er ein fordel om søkjar allereie er i gang med relevant masterutdanning
  • Søkjar må dokumentera fordjuping i relevante fagområde innanfor vernepleie
  • Kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar er ein føresetnad
  • Pedagogisk erfaring
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og internasjonaliseringsarbeid
  • Flytande skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, samt engelsk
  • God IKT-forståing

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller tidlegare undervisningserfaring og rettleiing, er det krav om at vedkommande må kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato. 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Vernepleiar eller andre med kunnskap og erfaring frå arbeid i førstelinja

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • God evne til formidling

Korleis søke på stillinga? 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, dette gjeld dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk vidare til eit utval for sakkunnig vurdering. Med grunnlag i denne vurderinga vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr: 

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida 

Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ i tråd med kompetansekrava for stillinga, i stillingskode 1011 førsteamanuensis / i stillingskode 1198 førstelektor / i stillingskode 1008 høgskulelektor / i stillingskode 1007 høgskulelærar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon: 

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.


Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er: 

1) Fagsekjsonsleiar, Unni Margrethe Uren Aasen, telefon:  57 67 62 36, e-post: unni.margrethe.uren.aasen@hvl.no  

2) Instituttleiar, Svanaug Fjær, telefon: 55 58 57 53, e-post: svanaug.fjer@hvl.no 


Samspel, berekraft og nyskaping 

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be 

Om arbeidsgiveren 

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking. Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.



Ansettelsesform

Fast

Søk nå