12/04/2019

Leiande miljøterapeut - fast 100 % - Habiliteringstenesta

  • Bømlo kommune
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 30.04.2019

Habiliteringstenesta, pt. Askebærhaugen burettslag, har ledig fast 100% stilling for leiande miljøterapeut med tiltreding etter avtale. Alternativ turnus med lange vakter. Ved internt opprykk vert det mogleg for tilbod om terapeutstilling.

Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjer tilbod til personar med utviklingshemming og behov for omfattande og langvarige tenester. Me er 116 årsverk som yt heildøgns tenester til 45 personar i 9 bufellesskap/burettslag, pluss dagtilbod. Me har behov for positive og fleksible medarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver: 

• Utarbeide, setje i verk og evaluere tiltak og prosedyrar kring enkeltbrukara og fagleg rettleiing av kollegaer med fokus på målretta miljøarbeid. • Yta praktisk bistand og rettleiing i dei daglege gjeremåla samt legge til rette for miljø som gjev høve til god livskvalitet og personleg vekst hos den einskilde brukar. • Internt samarbeid i tenesta, samarbeid med 1. og 2. linjetenesta, verje/pårørande. • Journalføring og arbeid opp mot gjeldane lovverk. • I samarbeid med gruppeleiar koordinere den daglege drift på bustad. • Stillinga rapporterar til gruppeleiar. 

Kvalifikasjonar:

• 3 årig helse og sosialfagleg utdanning på bachelor nivå.  • Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming. • God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. • Kunnskap om Helse og omsorgstenestelova kap 9. • Personleg eignaheit og praktiske ferdigheter vert vektlagt. • Sertifikat kl. B 

Personlege eigenskapar:

• Me søkjer deg som er utåtvent, imøtekommande, venleg og serviceinnstilt. • Du har arbeidslyst, er målretta, lojal og ansvarsfull. • Du visar respekt for andre og ser mogelegheiter framfor avgrensingar. • Du er kreativ og bidreg til økt kompetanse og godt arbeidsmiljø ved å gje positiv og konstruktiv tilbakemelding og rettleiing. • Du er sjølvstendig men arbeider og godt i team. 

Me tilbyr:

• Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. • Eit levande fagmiljø med gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelige arbeidskollegaer 

Andre opplysningar:

• Det er krav om gyldig politiattest for teneste hjå personar med utviklingshemming. • Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. • Ved innsending av elektronisk søknad vert kvittering å rekna som stadfesting av at søknad er motteke.   Kontaktperson: Gruppeleiar Sølvi Meling Tulloch – 970 30 619

Ansettelsesform

Fast

Søk nå