09/04/2019

Controller/rekneskapsansvarleg

  • Vågå kommune
Administrasjon - Økonomi

Stillingsbeskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.04.2019

Vågå kommune har ledig 100% fast stilling som rekneskapsansvarleg i stab/støtte.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for og dagleg arbeid med den samla kommunale rekneskapen 
  • Bistå økonomisjefen i budsjett-/årsavslutning-/rapporteringsarbeid
  • Rettleie dei ulike tenesteområda i rekneskapsfaglege spørsmål
  • Delta i øvrige oppgåver knytt til økonomi- /løn og personalavdelinga etter behov

Kvalifikasjonar

  • Økonomisk og rekneskapsfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå. Gjerne NKK-godkjent rekneskapsførar
  • Dokumentert lengre praksis frå kommunalt eller anna offentleg økonomi- og rekneskapsarbeid kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Evne og vilje til utvikling, omstilling og bruk av digitale løysingar
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og systematisk
  • God innsikt i bruk av dataverktøy blir forutsett

Vågå kommune tilbyr godt arbeidsmiljø og gode samarbeidstilhøve.  Løn etter avtale og pensjonsordning i KLP.

Vågå kommunen er inne i ein prosess med tanke på mogleg samarbeid med Sel kommune på ulike stab/støttefunksjonar der i blant rekneskap.  Det er forventa avklaring i løpet sommaren 2019 på om det blir samarbeid. Ved samarbeid vil ny medarbeidar bli ein del av felles arbeidsgruppe som får ansvar for rekneskapsarbeidet i dei to kommunane.

Førespurnader kan rettast til økonomisjef Frank Roger Vangen tlf. 41 50 91 16 eller personalrådgjevar Irene Gundersen tlf. 61 29 36 14. 

Søknadsskjema som skal nyttast ved søknad på stilling i Vågå kommune.

CV m. vedlegg kan også sendast med post til Vågå kommune, servicetorget, Edv.Stormsv. 2, 2680 Vågå.   

Søknadsfrist  25.04.19.

Ansettelsesform

Fast

Søk nå