07/03/2019

Sakshandsamar i barneverntenesta

  • Bremanger kommune
Helse - Sosial - Omsorg

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.03.2019

Barneverntenesta i Bremanger kommune har ledig vikariat i 100% stilling frå snarast.

Vi søkjer etter ein person med utdanning som sosionom eller barnvernspedagog. Det er fint om du har relevant erfaring.
Om du har anna relevant høgskuleutdanning er du velkomen til å søkje. 

Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit.

Den som vert tilsett må:

  • ha førarkort kl. B
  • legge fram politiattest av nyare dato
  • kunne nytte norsk munnleg og skriftleg. 

Bremanger kommune kan tilby: 

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning og heildøgns forsikring
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglar
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Kontaktpersonar:

Anita Brevik 
mob: +47 95 98 29 39

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.  

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå