06/03/2019

Inspektør Tonning skule, fast stilling

  • Stryn kommune
Ledelse Rektor - Styrer Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 22.03.2019

Tonning skule er ein 1-7 skule som ligg i Stryn sentrum. Det er og knytt SFO-avdeling til skulen.

Neste skuleår vil skulen ha om lag 370 elevar. Eininga har til saman 52 årsverk, fordelt på 63 tilsette. Skulen har 2 inspektørstillingar. 

Arbeidsoppgåver:

- Tett samarbeid med rektor som ein del av skulen sitt leiarteam

- Vikarhandtering

- HMS/bygg

- Innkjøp

- Drifte utviklingsarbeid

- Det kan bli aktuelt med ein mindre del undervisning

- Evt. andre oppgåver etter avtale med rektor 

Kvalifikasjonar for stillinga:

- Krav om pedagogisk utdanning og gjerne administrativ utdanning og praksis

-God digital kompetanse

-Ein fordel med kjennskap til kommunen sine fagsystem

-God kunnskap om skulen for å utvikle den som ein lærande organisasjon 

Vi kan tilby:

- Variert arbeid i eit positivt miljø

- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement

  • Løn : Stillinga er pr i dag plassert med årsløn 626.600

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato 

Vi ber om vitnemål og attestar vert skanna inn og sendt elektronisk.  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du ta kontakt med skule- og kulturkontoret.

Kontaktpersonar:

Anne Wathne
tlf: +47 57870603
mob: +47 90057955

Ansettelsesform

Fast

Søk nå