SØKNADSFRIST: 28.02.2019
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har frå 1. april 2019 ledig ei 10 månaders prosjektstilling som:
Fotograf / fotoarkivar
Hovudformålet med fylkesarkivet sitt fotovernarbeid er innsamling, sikring og formidling av kulturhistoriske fotografi frå Sogn og Fjordane. I bevaringsarbeidet samarbeider vi tett med kommunar, museum, bibliotek og frivillig sektor. Fylkesarkivet forvaltar store fotosamlingar frå fylket og har også omfattande publikumstenester for foto på Internett.
Prosjektstillinga er knytt til prosjektet «Fotoarkivet etter fotograf Elen Loftesnes». Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere digitalisering og registrering av historisk fotomateriale frå Elen Loftesnes sitt arkiv. Det kan bli høve til forlenging av stillinga i samband med moglege digitaliseringsprosjekt på audiovisuelt arkivmateriale. Den som vert tilsett må ha førarkort.
Du må ha:
Vi vektlegg:
Vi kan tilby
På heimesida vår: www.fylkesarkivet.no finn du meir informasjon om fylkesarkivet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema du finn under ledige stillingar på www.sfj.no.
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil bli orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson: Arnt Ola Fidjestøl
Stillingstittel: fylkesarkivar
Telefon: 57 63 80 00 / 971 88 903 Kontaktperson: Elin Storøstevik
Stillingstittel: fotoarkivar og fagleiar
Telefon: 57 63 80 53
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.