13/02/2019

Ledige undervisningsstillingar - Solund barne- og ungdomsskule

  • Solund kommune
Undervisning - Pedagogikk

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 27.02.2019

Oppvekst er barnehagen, grunnskulen, kulturskulen og vaksenopplæringa. PPT og barnevern er organisert gjennom interkommunalt samarbeid. Gjennom skulehelsetenesta har vi samarbeid med fysioterapeut, lege og helsesjukepleiar. Det er pendlarrute til Austrheim vidaregåande skule. Kulturskulen gjer tilbod til barn, unge og vaksne. Tilboda er varierte og prøver å dekke ulike sjangrar og behov. 

Oppvekst har fleire arenaer der vi samarbeider. Hovudfokuset er å skape eit så godt oppvekstmiljø som mogeleg for barn og unge i kommmunen vår. Dei siste åra har kommunen delteke i ulike utviklingsprosjekt; "Ungdomstrinn i utvikling", "Vurdering for læring" og "Den gode barne- og skuleeigar". Frå hausten 2018 har vi delteke i det nasjonale satsingssprosjektet "Inkluderande læringsmiljø i barnehage og skule". 

Det er ledige stillingar ved Solund barne- og ungdomsskule og vaksenopplæringa. Vi har ledig både faste og vikariatstillingar. Etter nærare avtale, og om behov, kan kombinasjonsstilling med kulturskulen vere aktuelt. 

Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Solund kommune nyttar nynorsk målform. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både munnleg og skriftleg. 

Solund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 90 elevar lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 15 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og assistentar. Personalet arbeider i team og ønskjer å utvikle skulen i fellesskap. 
Ved SFO er det om lag 8 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke. 

Vaksenopplæringa er organisert med tilbod på både dagtid og ettermiddagstid. Tilboda som vert gjeve er norskopplæring og samfunnskunnskap for vaksne etter introduksjonslova, for arbeidsinnvandring eller familiegjenforeining. Kommunen har kompetanse til å kunne gjennomføre eksamen lokalt.

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng lærarar til ulike undervisningsfag, fortrinnsvis 1.-7.trinn
  • Du må vere villig til å ha dialog kring oppgåver som dukkar opp undervegs.
  • Du må rekne med å vere kontaktlærar
  • Lærar med fag på ungdomsskulen må rekne med å vere sensor ved eksamen. Opplæring vert gjeve
  • Vi ønskjer lærar eller assistent med arabisk morsmål.
  • Ved vaksenopplæringa er det behov for lærar med undervisningskompetanse for undervisning til introduksjonsprogrammet og grunnskuleopplæring.
  • Undervisningskompetanse i norsk for vaksne er ønskjeleg.

Kvalifikasjonar

  • har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
  • meistrar digitale verktøy
  • vil vere aktiv i utviklinga innan IKT i læring
  • har fag i fagkretsen som skulen har behov for
  • utanlandske søkjarar må ha NOKUT godkjenning på relevant kompetanse

Utdanningsretning

  • Pedagogikk

Utdanningsnivå

  • Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
  • Høgskule / Universitet
  • Høgskule / Universitet, Hovudfag / Mastergrad

Personlege eigenskapar

  • har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
  • likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
  • ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
  • har humor, er fleksibel, oppteken av å samarbeide/ og er ein teambyggar
  • tek ei utfordring på strak arm
  • har lyst å vere del av eit lite samfunn
  • har evna til å bygge relasjonar

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Arbeidsstad i øyriket Solund
  • Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra. Det vert lagt til rette for rettleiing med mentor.
  • 4 år ekstra lønsansiennitet til kvalifiserte søkjarar
  • Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
  • Verte del av ei lærargruppe som arbeider i team, ønskjer utvikling og open for nye tankar
  • Opplæring, samarbeid og høve til nye oppgåver i regi av HAFS+ Gulen og Høyanger oppvekstregion
  • Etter avtale kunne bruke skulebåten
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Høve til å bruke allereie kompetanse og erfaring til å utvikle oppvekstmiljøet i Solund
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tariffløn etter kompetanse og erfaring

Kontaktinfo:

Gunnlaug Olsvoll Røed
Skulefagleg ansvarleg
(+47) 90855224

Øystein Bolset Strand
Undervisningsinspektør
oystein.bolset.strand@solund.kommune.no 

Ansettelsesform

Fast

Søk nå