08/02/2019

Systemansvarleg automasjon/elektro/IT - 100% fast

  • Kvinnherad kommune
Elektro - Mekanisk - Rør IT

Stillingsbeskrivelse

kvinnheradkommune_top_ny2.jpg
SØKNADSFRIST: 20.02.2019

Eining for Vatn og Avløp søkjer med dette etter Systemansvarleg aut/el/IT, som vil få arbeidsplass innafor ansvarsområda
drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Frammøteplass ved Husnes VBA.

Omtale av stillinga

Den som vert tilsett vil i hovudsak få oppgåver som:
- ansvarleg for driftskontroll
- vera teknisk ansvarleg for diverse fagsystem
- jobba tett med fagsida for å sikra at løysingane våre har både teknisk og fagleg kvalitet
- vera med å påverka slik at IT løysingane vert utnytta på ein god måte
- vera rådgjevar ved byggeprosjekt og nyetableringar
- leia utviklinga av mindre oppdrag i tett samarbeid med fagsida
- drift av PLS anlegg, feilsøking på styringssystema
- fylgja opp driftsleverandørar innan aut/el/IT og rammekontraktar innan desse faga.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med elektro/IT/automasjon utdanning/erfaring. Det er ynskjeleg med god IT kunnskap spesielt retta mot nettverk, samt kunnskap om automasjon / PLS styring. Men har ein anna kompetanse eller relevant erfaring, kan dette kompensera for manglande utdanning. Det er viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og kunna jobba sjølvstendig, systematisk og ansvarsbevisst. Den som vert tilsett må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting. Det er ønskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og stabile arbeidstakarar. Du vil få spennande oppgåver som vil bli løyst i samhandling med
dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø. Løn etter avtale.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Kontakter
Egil Eide
Einginsleiar VA
E-post egil.eide@kvinnherad.kommune.no 
Mobil 99356126

Ansettelsesform

Fast

Søk nå