05/02/2019

Juridisk rådgjevar - 100% vikariat

  • Meland kommune
Jus Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.02.2019

Stillingsinformasjon

Meland kommune treng ein vikar for juridisk rådgjevar ved eigedomsforvaltning, for snarleg tilsetting. Vikariatet vil gå 3 mnd inn i Alver frå 2020.

Rådgjevaren inngår i eit team med tre prosjektrådgjevarar/prosjektleiarar og to eigedomsforvaltarar.  Teamet handterer store og små investerings- og utbyggingsoppgåver i Meland, og driv saksbehandling og forvaltning av kommunale eigedomar og anlegg.

Arbeidsplass

Meland kommune har 18 medarbeidarar med oppgåver knytt til saksbehandling, utbygging og forvaltning innan kommunen sine tekniske tenester: utbygging og forvaltning av kommunale bygningar og kommunaltekniske anlegg, offentlege og private planar, byggesaker, kart og GIS-tenester, oppmåling, miljø, landbruk og kommunal eigedom. Frå 2020 sorterer oppgåvene inn under Eigedomsforvaltning i Alver, i eit større fagmiljø.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene omfattar forvaltning og saksbehandling hovudsakleg knytt til bygg, infrastruktur, VA-anlegg og miljø. Eksempelvis avkjørsler, trafikksikring, tilsyn VA-anlegg, ureiningssaker, grunnavtalar, innkjøp, utbyggingsavtalar, forskriftsarbeid. Arbeidet omfattar t.d. planlegging, saksbehandling, oppfølging og rapportering.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har juridisk embetseksamen, evt. master i rettsvitenskap. Relevant erfaring er av stor betydning. Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, og ha forståing for samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.
God pensjonsordning.

Søknad skal sendast

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.

Kontakter

Navn: Berit M Eskeland
Tittel: Prosjektrådgjevar
E-post: berit.eskeland@meland.kommune.no
Mobil: 454 45 602
Arbeid: 56171168

Navn: Anny Bastesen
Tittel: Sektorsjef Teknisk Meland
E-post: anny.bastesen@meland.kommune.no
Mobil: 40038893

Ansettelsesform

Vikariat

Søk nå