05/02/2019

Rådgjevar planforvaltning - 100% fast stilling

  • Meland kommune
Ingeniør - Sivilingeniør Planlegging Rådgiver - Konsulent

Stillingsbeskrivelse

SØKNADSFRIST: 24.02.2019

Stillingsinformasjon

Alver kommune treng to rådgjevarstillingar på planforvaltning, for snarleg tilsetting. Stillingane er retta mot saksbehandling av reguleringsplanar, områdereguleringsplanar og andre konkrete utbyggingsplanar.

Arbeidsplass

I Alver kommune vil ansvaret for plan vere delt på Arealforvaltning (detaljplanar, saksbehandling, gjennomføring) og Plan og analyse (overordna planar). I 2019 vil oppgåvene i praksis vere knytta til Meland, Radøy og Lindås kommunar, sidan samarbeidet om planar allereie har starta. Kontorstad i 2019 er rådhusa på Frekhaug og i Knarvik. Frå 2020 vil dei tre planmiljøa vere samla i større fagmiljø i Alver.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene omfattar arbeid med planar og plansaker som skal sikre at kommunen sine mål om vekst og utvikling blir gjennomført i praksis, både gjennom innspel til overordna planar og strategiar, og gjennom konkrete krav til utforming, koordinering, samarbeid og tilpassing.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har relevant utdanning innan planfag og plansakbehandling, helst på masternivå, minimum på bachelornivå. Til dømes arealplanleggjar, sivilingeniør, samfunnsplanleggar, arkitekt, geograf, eller ingeniørfagleg bakgrunn. 
Relevant offentleg erfaring er av særs stor betydning.
Du må like utstrakt kontakt med ulike partar og aktørar, samstundes som du må kunne ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
Du må sjå verdien av ei tverrfagleg tilnærming til oppgåvene, og ha forståing for samfunnsoppdraget.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.
God pensjonsordning.

Søknad skal sendast

Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.

Kontakter

Navn: Anny Bastesen
Tittel: Sektorsjef Teknisk Meland
E-post: anny.bastesen@meland.kommune.no
Mobil: 40038893

Ansettelsesform

Fast

Søk nå